Målet med dette emnet er å auke studentane sin analytiske kompetanse og deira profesjonsorienterte ferdigheiter gjennom ei innleiande seminarrekke om likskapar og skilnader i journalistisk og samfunnsvitskapleg metode, og korleis det eine kan komplimentere det andre. Kjeldesøk, kjeldekritikk og etiske problemstillingar vil bli drøfta. I tillegg kan det bli gitt tilbod om aktuelle, faglege workshops som grunnlag for idéar til deloppgåvene.
Deretter skal studentane gjere ei todelt bacheloroppgåve: ei analytisk basert på ei empirisk undersøking eller på samanliknande drøfting av teori, og ein større journalistisk produksjon med ein analytisk fokusert produksjonsrapport. Den praktiske delen kan også byggje på eit journalistisk produkt som er gjort/publisert av studenten tidlegare. Då vil krava til analytisk djupne i produksjonsrappporten bli tilsvarande høgare.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen
Institutt for informasjons- og medievitskap