Haust og vår. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapar og reaksjonar til stoff, og dette emnet introduserer kjemien sine tre aspekt ut frå eit fysikalsk perspektiv, kombinert med mange eksempel henta frå daglegliv, industri og naturen. Av tema som inngår kan nemnast: Tilstandslikningar, energiomgrep (entalpi, fri energi), entropi, elektrokjemi, eigenskapar til stoff i ulike tilstandar og i løysning, reaksjonskinetikk og kjernekjemi. Det inngår ein laboratoriedel som illustrerer deler av det teoretiske pensumet og gir øving i eksperimentelt arbeid.
Etter fullført emne KJEM110 skal studenten:
Kunnskapar
Ferdigheiter
Generell kompetanse
Studenten
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav
https://www.uib.no/matnat/52646/studere-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Les meir info:https://www.uib.no/matnat/53575/undervisningsopptaket-ved-mn-fakultetet
Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratoriekurs og kollokvier.
Forelesningar: 4 timer pr veke i 15 veker
Labkurs: 6 timer pr veke i 5 veker
Kollokvier: 2 t per veke i 15 veker
Obligatorisk deltaking på laboratoriekurs (5 labdagar) med journal og innleveringsoppgåver(gyldige i 6 påfølgande semester).
Godkjend HMS-kurs. Dette kan takast same semester i forkant av KJEM110-undervisninga. Obligatorisk oppmøte på fyrste forelesing.
Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Mappeevaluering basert på:
Utfyllande eksamensregler:
1. Laboratoriekurset og innleveringsoppgåve er gyldige i 6 påfølgande semester.
2. Midtsemestervurdering, karaktergrunnlag frå laboratoriekurs og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.
3. I semester med undervisning:
a) Studentar utan godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.
b) Studentar med godkjend laboratoriekurs og innleveringsoppgåve frå tidlegare semester må avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå avsluttande eksamen utgjer heile karaktergrunnlaget.
Det er ordinær eksamen kvart semester. Denne er seint i semesteret.
Det vert arrangert sykeeksamen for studentar med gyldig fråvær foregåande semester. Sykeeksamen vert arrangert tidleg i det påfølgjande semester og må søkjast om. Les meir her:
https://www.uib.no/matnat/116086/gyldig-fråvær-på-eksamen-ved-det-matematisk-naturvitenskapelige-fakultet
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1
Studierettleiar kan kontaktast her:
studierettleiar@kj.uib.no
Tlf. 55 58 34 45