Emner: KJEM123 Eksperimentell uorganisk kjemi - Vår 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk.

Undervisningssemester

Vår. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald:

Emnet har som mål å gje ei vidare innføring og oversikt over grunnleggjande uorganisk kjemi illustrert saman og parallelt med eksperimentell karakterisering av stoffkjemi og metallkompleks.
Laboratoriekurset er to-delt: dels illustrerer det bruken av og eigenskapar hos forskjellige uorganiske stoff som funksjon av pH og kjemisk miljø, og dels lærer studentane å klassifisere og identifisere uorganiske ion i utleverte prøver. Laboratoriekurset gir ein kunnskapsbasert illustrativ gjennomgang av trendar og reaksjonstypar, frå dei tidlege kjemiske elementa og til d-metallkompleks.

I tillegg understrekar kurset utvalde generelle og innleiande omgrep frå molekylær symmetri, nomenklatur, geometri, koordineringsmodi, og krystall- og ligandfeltteori for d-metallkompleks.
Emnet gir grunnleggjande kunnskapar i spektroskopi, inkludert ei forståing av korleis spektroskopi kan nyttast til å bestemme energiovergangar og strukturelle tilhøve i molekyl.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

(KJEM100) KJEM110, KJEM120

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

K102: 2 stp, K241: 2 stp, KJEM121: 4 stp, KJEM122: 5 stp.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet: http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesningar:

2 forelesningar à 2 timar pr veke (totalt 4 timar pr veke)

 

Laboratoriekurs:

14 dagar à 6 timar i løpet av kurset (fordelt over semesteret)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs med journalføring.

Elektronisk innlevering av laboratoriejournal.

Obligatorisk oppmøte på lab-forelesninger.

Gjennomførte obligatoriske aktivitetar er gyldige i 5 påfølgande semester. Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse:

http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Grunna korona: Våren 2021 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

Skriftleg digital skuleeksamen (4t) heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus

Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet. Obligatorisk laboratorieeksamen som må vere bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

a) Enkel kalkulator tillatt, i samsvar med modeller angitt i fakultetets regler

b) Book of data. Nuffield Advanced Science.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A - F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikriingssystem.

 

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt mailto:Studierettleiar@kj.uib.noStudierettleiar@kj.uib.no

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet v/ Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:
mailto:Studierettleiar@kj.uib.noStudierettleiar@kj.uib.no

Tlf 55 58 34 45

Institutt

Kjemisk institutt