Emner: KJEM290 Vitenskapelig formidling på engelsk - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

5.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Engelsk / English.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål:

Studentane skal lære å uttrykkje seg presist og vitskapeleg på engelsk, både skriftleg og munnleg.

Innhald:

Kurset skal gje studentane ei innføring i dei mest brukte omgrepa ein finn i engelske naturvitskapelege tekstar, med eit spesielt fokus på kjemifaget. Undervisninga omfattar regulære førelesingar og seminar der studentane legg fram og diskuterer vitskapelege tekstar som dei sjølve har utarbeidd.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller eventuelle opptakskrav.

Arbeids- og undervisningsformer

4 timar undervisning(førelesningar og seminar) kvar veke i 6 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på fem av seks seminar. Skrive ein (populær)vitskapeleg artikkel på engelsk.

Vurderingsformer

Godkjend (populær)vitskapeleg artikkel, inkludert presentasjon av denne, godkjent frammøte på seminara. Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i 3 påfølgjande semester etter godkjenninga.

Karakterskala

Bestått eller ikkje bestått.

Vurderingssemester

Berre vurdering i semester med ordinær undervisning. Sjå "Vurderingsform".

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1

Programansvarleg

Kjemisk institutt.

Emneansvarleg

Kjemisk institutt.

Administrativt ansvarleg

Kjemisk institutt.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Institutt

Kjemisk institutt.