Emner: KOPRA101 Skolen og lærerrollen i praksis - Vår 2021
Studiepoeng
0.0Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Praksisskular og temaseminar på UiB/i skulen. For- og etterarbeid ved UiB.
Mål og innhald
Emnet skal gi erfaring med undervisning sett frå læraren sitt perspektiv med både klasserommet og kollegiet som kontekst. Studentane skal observere undervisning aktivt og følgje ei/n lærar i hennar/hans arbeidskvardag.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
studenten har
- kunnskap om kva undervisning i skulen inneber
- har kjennskap til læraren sine ulike roller og ansvarsoppgåver og korleis ulike situasjonar og rammevilkår påverkar utøvinga av lærarrolla
Ferdigheter:
Studenten kan:
- kan kommunisere med elevar og lærarkollegaer
- kan reflektere over kompleksiteten i lærarrolla
- kan bruke observasjon som metode i ulike settingar i skulen
- kan føre observasjonsnotat og logg til bruk i eige utviklingsarbeid
Generell kompetanse:
Studenten kan:
- kan møte elevar og framtidige kollegaer med ei open og interessert haldning
- kan reflektere over utfordringar knytt til undervisning i lys av praktiske døme
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Ein må ha studierett på eit av UiB sine lektorutdanningsprogram.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
HF-studentar: 12 dagar - totalt 72 timar
MN-studentar: 7 dagar - totalt 42 timar
Dette inkluderer for- og etterarbeid ved UiB. For HF-studentane inkluderer det i tillegg to forberedte temaseminar arrangert av praksisfeltet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- 100 % oppmøte i praksis, inkludert for- og etterarbeid
- For HF-studentar er det obligatorisk å delta på to førebudde temaseminar.
- Aktiv deltaking i heile praksisperioden, gjennom direkte kommunikasjon med både elevar og lærer-kollegaer.
- Utarbeiding av observasjonsskjema. Studentane skal utarbeide ein rapport som byggjer på observasjonane som er gjort i praksis med tilhørande analytiske og metodiske refleksjonar og legge disse frem munnleg for medstudentar i PEDA120. Presentasjonen blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent. Loggføring for alle praksisdagar.
Vurderingsformer
Praksis
Vurdering av deltaking i praksis vert gjort av rettleiar i skulen.
Vurdering av studenten sin faglege refleksjon over erfaringar frå praksis vert gjort av pedagogar ved UiB.
Karakteren vert fastsett på grunnlag av ei samla vurdering av punkta over.
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Oppgåvesett for observasjon vert delt ut på seminar i emnet PEDA120.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Kontakt administrasjonen på laerer@uib.no