Emner: KUVI101 Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitenskapelige syn på verden - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Sentralt i emnet står forståinga av kulturelle fenomen som menneskeskapte, og forståinga av korleis kultur blir skapt, reprodusert og endra. Særleg vil emnet vise korleis kulturelle posisjonar, forståingar og moglegheiter må sjåast i samanheng med tid, stad, sosial klasse, kjønn, seksualitet, etnisitet og kropp. Emnet legg vekt på å vise korleis moderniseringsprosessar i samfunnet har endra både kultur og sjøvforståingar, og om korleis andre kulturar alltid har påverka norsk kultur. Emnet vil også gje studentane innblikk i korleis ein har nærma seg studiet av kultur på ulike måtar opp gjennom faghistoria, kva som var bakgrunnen for etableringa av faget og kva som er hovudtrendane i dag. Studentane vil lære at forteljing og materialitet er to sentrale tilnærmingar i faget.

Gjennom emnet vil studentane også lære om kvifor vi nyttar dei metodane vi gjer innan kulturvitskapen, og korleis metodane er en integrert del av faget si utvikling, fageige fokus og tilnærming til verda.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten


Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Studentane må kunne lese pensum på skandinaviske språk og engelsk, i tillegg til norsk.

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga består av forelesingar, seminar og gruppeoppgåver

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å delta på gruppeoppgåvene.

 

Obligatoriske undervisingsaktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Heimeeksamen på 3 dagar. Svare skal vere på ca. 2000 ord. I tillegg er det justerande munnleg eksamen (maksimalt justering er éin karakter)

Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for at studenten skal kunna møta til eksamen.

Hausten 2021 blir vurderingsforma på KUVI101 endra til 7 dagar heimeeksamen utan justerande munnleg. Heimeeksamen skal vere på inntil 3000 ord. Endringa er eit tiltak for å hindre spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår/haust

Litteraturliste

Pensumlista er på om lag 1200-1500 sider.

 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamnleg.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no