Emner: KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk.

 

Undervisningssemester

Vår.

 

Undervisningsstad

Bergen.

 

Mål og innhald

Fagleg innhald
Emnet rettar søkelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar og søker å avdekke dei kulturelle mønstra som er med å forme individa til dei tilsynelatande faste kategoriane mann og kvinne, hetero og homo. Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekke vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori.


Læringsmål

Emnet tek sikte på å gi ei innføring i korleis kjønn og seksualitet kan analyserast frå eit kulturvitskapleg perspektiv, både i vår eiga tid og i andre historiske periodar. Sentrale spørsmål dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap
Studenten


Ferdigheiter
Studenten

 

Generell kompetanse
Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen.

 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

 

Studiepoengsreduksjon

KUVI256

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga blir gjeve i form av førelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skrive ei øvingsoppgåve i løpet av semesteret. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester etter det undervisingssemesteret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 7 dagars heimeeksamen.Oppgåva skal ha eit omfang på om lag 3000 ord. Alle obligatoriske arbeidskrav må vera oppfylte for at studenten skal kunna møta til eksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på 1200 - 1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no