Emner: KUVI108 Museologi - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 

Undervisningsspråk

 

Undervisningssemester

Vår (endra frå haust til vår)

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Fagleg innhald
Museologi tematiserer musea si kulturelle rolle i samfunnet som eit felt for produksjon av førestillingar om fortid og samfunn. Emnet tematiserer kva som kjenneteiknar eit museum og kva som ligg i dei ulike museumsfunksjonane, med særleg vekt på innsamling og utstilling. Etablering av museumssamlingar blir sett som kulturelle prosessar der "vanlege ting"blir transformerte til "kulturarv". Kulturhistoriske og kulturanalytiske perspektiv blir vektlagt.

Læringsmål
Emnet skal gje føresetnader for å forstå musea sin funksjon og verkemåte og den rolla dei spelar i samfunnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap
Studenten

Ferdigheiter
Studenten

Generell kompetanse
Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI101 og KUVI102.

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med KUVI203 og KUVI258

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Eksamen er open for personar utan studierett etter søknad til Det humanistiske fakultet, sjå: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultethttp://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 13 forelesingar og arbeidsseminar. Undervisninga blir gitt som forelesingar, seminar og ekskursjonar som vil tematisera verksemda til utvalde museum og samlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ein 3-dagars heimeeksamen med ei justerande munnleg prøve. Det skriftlege eksamensarbeidet skal vera på om lag 2000 ord.

Våren 2021 er vurderingsforma på KUVI108 endra til 6 dagars heimeeksamen utan justerande munnleg eksamen. Endringa er eit tiltak for å hindre spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det blir nytta bokstavkarakterar på ein skala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår / haust

Litteraturliste

Instituttet utarbeider litteraturliste. Litteraturlista er på om lag 1200-1500 sider.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no