Emner: KUVI302 Forskningsfelt og prosjektutvkiling - Vår 2021
Studiepoeng
15.0Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
300-nivå
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Målet med emnet er utforming av prosjektskildring for den individuelle masteroppgåva. Studenten skal velje tema for oppgåva, setje seg inn i relevant forsking på området som vert valt, avgrense eiga undersøking og formulere ei fagleg relevant problemstilling. Gjennom seminar og individuell rettleiing skal studenten arbeide med å finne fram til kjeldemateriale og gjere forskingsetiske vurderingar om bruken av det. Prosjektskildringa skal også omfatte val av metodiske og teoretiske perspektiv som skal brukast i masteroppgåva.
Læringsutbyte
Kunnskap
Studenten
- Har kompetanse til å setje seg inn i eit forskingsfelt.
- Kan gjennomføre litteratursøk knytt til eit avgrensa fagleg felt eller ein tematikk.
- Kan formulere og avgrense ei kulturvitskapleg problemstilling
Ferdigheiter
Studenten
- Kan vurdere kritisk kva slags kjeldemateriale som er føremålstenlege for å svare på bestemte kulturvitskaplege problemstillingar.
- Kan utforme og planlegge eit kulturvitskapleg forskingsprosjekt.
Generell kompetanse
Studenten
- Kan arbeide systematisk med kjelder og litteratur som ledd i skriving av fagtekstar.
- Kan gjere forskingsetiske vurderingar i samband med planlegginga av eit forskingsprosjekt.
- Kan utarbeide ei prosjektskildring.
Krav til forkunnskapar
Spesialisering i kulturvitskap
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i engelsk og grunnleggande kunnskapar i kulturvitskap.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i kulturvitskap
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar, samt individuell rettleiing og rettleiing i gruppe.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Levere ein oppgåve på 1500 ord som skildrar det forskingsfeltet som knytt seg til studentanes individuelle masterprosjekt.
Vurderingsformer
Eksamensoppgåva er ei prosjektskildring på maks 4000 ord.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Greidd / ikkje greidd.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Pensum skal setjast opp i samråd med emneansvarleg og skal vera på 1200 - 1500 sider.
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no