Emner: KUVI350 Mastergradsoppgave i kulturvitenskap - Høst 2021




Studiepoeng

60.0

Studiepoeng, omfang

60 stp

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

UiB

Mål og innhald

Masteroppgåva er ei større sjølvstendig fagleg undersøking. I dette arbeidet fordjupar studenten seg i eit kulturvitskapleg problemfelt.  Oppgåva er ei empirisk undersøking. I arbeidet med masteroppgåva blir studentane sine metodiske og forskingsetiske kunnskapane ferdigheitene frå KUVI306 prøvd ut i praksis ved at dei hentar inn og handterer eit omfattande empirisk materiale. Samtidig vil dei teoretiske kunnskapane og analytiske ferdigheitene frå KUVI301 vere eit grunnlaget å forme oppgåvas perspektiv. Arbeidet med masteroppgåva er ei fagleg modningsprosess og oppgåva skal vise sjølvstendighet i teoribruk, metodebruk og fagleg refleksjon.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap Studenten:

Ferdigheiter Studenten:

Generell kompetanse Studenten:

Krav til forkunnskapar

For å levere mastergradsoppgåva må studenten ha avlagt og greidd kursdelen på masterstudiet, det vil seie eksamen i emna KUVI301, KUVI302, KUVI305, KUVI306 og AHKR300.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle som er tekne opp på masterprogrammet i kulturvitskap ved AHKR.

Arbeids- og undervisningsformer

Alle studentar som er tekne opp til mastergradsstudiet har rett og plikt til individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva. Rettleiinga er regulert gjennom ei individuell rettleiingsavtale.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal ta del i masterseminar med framlegging og diskusjon av oppgåvetekstar. Det er obligatorisk med minst 70 prosent oppmøte over to semester.

Studenten skal óg ta i mot rettleiing kvart semester under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og fagkoordinator.

Vurderingsformer

Masteroppgåve (70 - 110 sider) og ei munnleg prøve med utgangspunkt i oppgåva.  Eventuelle intervjuutskrifter og mediemateriale skal leverast samtidig med masteroppgåva. Den munnlege prøva kan justera karakteren på oppgåva opp eller ned ein karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

-

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Studentane vel sjølve ut relevante læremiddel i samråd med rettleiar.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no