KVIK101Kjønn i det moderne er eit emne som gir innføring i feministiske og kjønnsteoretiske perspektiv og tradisjonar. Emnet er fleirfagleg, med hovudvekt på humanistiske og samfunnsvitskaplege teoriar og perspektiv.
Undervisninga gir ei grunnleggjande innføring i sentrale omgrep og spørsmål som gjeld kjønn og seksualitet innan ei rekkje fagområde. Emnet gir og ein presentasjon av den historiske utviklinga til moderne kjønnsteori som eit eget felt og eit overblikk over idear knytte til kjønn og seksualitet innan ulike teoriutviklingar.
KVIK101 er eit obligatorisk emne i bachelorgraden i kjønnsstudium.
Kunnskapar:
Ein kandidat som har teke eksamen i KVIK101
Ferdigheter:
Generell kompetanse:
Undervisninga vil bli gitt som førelesingar, normalt 2 dobbelttimar i veka over 12-14 veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Ein breiddetest med spørsmål frå ulike delar av pensum Godkjend / ikkje godkjend.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldige i to semester etter det semesteret dei vart godkjende, jf. hovudregelen.
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
7 dagars heimeeksamen på 3-4000 ord. Referanseliste kjem i tillegg.
Den obligatoriske undervisingsaktviteten må vere bestått for å kunne levere heimeeksamen.
Pensum knytt til KVIK101 er sett saman av tekstar henta frå ulike fagområde som tek opp spørsmål knytt til kjønn og seksualitet.
Tekstane er på norsk og engelsk.
Pensum er på om lag 1000 sider.