Emner: LING251 Språkvariasjon i tid, rom og samfunn med bacheloroppgave - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

vår 

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

 Kurset tar for seg vekslande tema innanfor språkvariasjon i tid og rom, til dømes språktypologi eller diakron lingvistikk.

Språktypologi er studiet av dei systematiske likskapane og ulikskapane mellom dei grammatiske, morfologiske, fonologiske og semantiske systema i naturlege språk i verda, og vokabularstrukturen deira.

Diakron lingvistikk er studiet av endring av naturlege språk over tid, påvirka av språkinterne prosessar eller av andre språk.

Kurset tek opp korleis ein kan forstå variasjon og endring som konsekvensar av samfunnstilhøve, historiske endringar og psykolingvistiske prosessar i samverknad med språkinterne grammatiske og lydlege strukturar. Det vil variere kva for sider av dette feltet det vert lagt vekt på kvar gong kurset vert gjeve.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Kandidaten kan:

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

kommunisere om lingvistiske problemstillingar, analysar og konklusjonar

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Studiepoengsreduksjon

LING251 overlappar med LING250 (15 stp) og LING204 (15 stp)

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

 Undervisninga blir gjeven i form av førelesingar.

 

Om lag 3 timar pr. veke.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Rettleiing i samband med skriving av bacheloroppgåva er obligatorisk, og skal minst ha omfang av eitt rettleiingsmøte der rettleiar har fått lese utkast til oppgåva.

Vurderingsformer

 Eksamen har form av ei rettleidd bacheloroppgåve (om lag 3000-4000 ord) over oppgjeve emne.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

 Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

 Det blir lagt opp eit pensum på om lag 500 sider vitskapleg litteratur i tilknyting til dette emnet. Innhaldet vil variere etter kva for sider av dette feltet det vert lagt vekt på kvar gong kurset vert gjeve.

Emneevaluering

 Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

E-post: mailto:studieveileder@lle.uib.no/studierettleiar@lle.uib.nostudierettleiar@lle.uib.no