Emner: LING311 Metode for språklige mastergrader - Vår 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Engelsk dersom det er naudsynt, elles norsk.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev ei innføring i empirisk metode for språkstudium, t.d. innsamling, oppbygging og bruk av tekstkorpora. Varierande frå semester til semester kan også andre metodeemne bli tekne opp, til dømes feltmetodar og arbeid med informantar, utarbeiding og bruk av spørjeskjema, og statistiske metodar relevante for handsaming av korpusdata og informantdata.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan...

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein bachelorgrad med språkleg spesialisering gjev det mest høvelege startgrunnlaget.

Studiepoengsreduksjon

LINGMET (10 studiepoeng)

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på eit av masterprogramma i framandspråk, nordisk eller lingvistikk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar, seminar og praktiske øvingar. Normalt vil lærarar frå lingvistikk og ulike språkfag vere ansvarlege for undervisninga. Om lag 24 timar per semester.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal levere ei obligatorisk oppgåve, som må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Obligatorisk undervisningsaktivitet må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet. Godkjenninga er gyldig i totalt tre (3) semester, inkludert undervisingssemesteret. 

Vurderingsformer

4 dagars individuell digital heimeeksamen. Studenten skal levere eit essay på 2000-3000 ord, i tillegg til referanser og eventuelle vedlegg med data osb. 

Det er ikkje høve til samarbeid mellom studentar eller å stille faglege spørsmål til faglærar når eksamen har starta. Eksamensstart reknast frå tidspunktet eksamensoppgåvene er tilgjengelege for kandidatane. 

Hjelpemiddel til eksamen

Hjelpemiddel det er lov å nytta: pensum, bibliotekressursar, og referansar og verktyg angitt av faglærer. Alle brukte hjelpemidlar bør siterast. 

Karakterskala

 A-F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista kan vere samansett av om lag halvparten fellespensum og halvparten individuelt pensum valt i samråd med studenten sitt eige institutt og i tilknyting til det språket studenten studerer. Pensum er omlag 400 sider og omfattar innføringar i språkvitskapleg metode og illustrerande artiklar.

Emneevaluering

 Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Emneansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Administrativt ansvarleg

Programstyret for språkvitskap, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no