Emner: LING350 Lingvistikk mastergradsoppgave - Vår 2021




Studiepoeng

60.0

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust/vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studenten vel eit lingvistisk emne som han/ho vil undersøkje vitskapleg. Resultatet av undersøkinga skal leggjast fram i form av ei masteroppgåve. Oppgåva treng ikkje leggje fram nytt materiale eller føre til nye originale konklusjonar for å bli godkjend, men det blir stilt krav til vitskapleg metode og handsaming av stoffet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten kan:

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

 

Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å drive forsking innanfor lingvistiske emne. 

Krav til forkunnskapar

Ikkje relevant

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant

Studiepoengsreduksjon

Ikkje relevant

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i lingvistikk ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Val av emne for masteroppgåva må godkjennast avfagmiljøet. Det må falle innanfor dei lingvistiske disiplinane derfagmiljøet sjølv har eller kan skaffe den naudsynte kompetansen. I arbeidet med masteroppgåva har studenten krav på å få tildelt ein fagleg rettleiar. Fagmiljøet avgjer kven som skal vere rettleiar for kvar enkelt student. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Student og rettleiar skriv båe under på ein rettleiingskontrakt.

 

Før den munnlege slutteksamenen skal studenten ha halde eit seminarinnlegg på eit instituttseminar. Innlegget kan vere ein presentasjon av delar av masteroppgåva eller ei innleiing til diskusjon om eit anna arbeid.

Vurderingsformer

Masteroppgåva skal innleverast innan dei gjeldande fristane. Etter at masteroppgåva er godkjend og evaluert, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen som har tilknyting til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned. Oppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider (ikkje medrekna referansar, vedlegg, datagrunnlag osv.).

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje relevant

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit pensum på om lag 1500 sider i samråd mellom kandidat og rettleiar

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for språkvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i språkvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no