Emner: LOG311 Deduksjon og metalogikk - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

LOG311 byggjer på LOG110 (Introduksjon til formallogikk). Det blir gitt ei innføring i eit system for naturleg deduksjon for setnings- og førsteordens predikatlogikk både utan og med identitet. Vidare blir det gitt ei innføring i formell semantikk for predikatlogikk, som mellom anna definerer kva det vil seie at eit predikatlogisk argument er gyldig. I tillegg er metalogikk, som gjeld eigenskapar ved formallogiske bevissystem, eit sentralt tema på emnet.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god innsikt i naturleg deduksjon, og forstå på kva måtar naturleg deduksjon skil seg frå tre-metoden. Vidare skal studentane forstå kva rolle interpretasjonar spelar i semantikken for førsteordens predikatlogikk. Studentane skal òg kjenne sentrale metalogiske omgrep, og bevis for metalogiske tilhøve som gjeld tre-metoden.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane meistre naturleg deduksjon i setnings- og predikatlogikk med identitet. Vidare skal dei kunne lage interpretasjonar og bevise metalogiske tilhøve som gjeld tre-metoden, både i setnings- og predikatlogikk.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi eller kognitiv vitskap. Emnet kan òg vere eigna som støtte for studiet av andre fag, til dømes lingvistikk, informasjonsvitskap, informatikk og matematikk.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk. Emnet føreset forkunnskapar i logikk tilsvarande LOG110 (Introduksjon til formallogikk).

Studiepoengsreduksjon

LOG311 overlapper med LOG101 (Gyldigheit og konsistens i setnings- og predikatlogikk), LOG111 (Deduksjon og metalogikk) og LOG211 (Deduksjon og metalogikk).

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga har form av førelesingar og seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Studentar må gje skriftleg svar på 3 oppgåver med innlevering i løpet av semesteret. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må være godkjende for å kunne gå opp til eksamen i emnet.

Pga. koronasituasjonen vil kravet om oppmøte til undervisninga ikkje bli handheva våren 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker).

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no