Emner: MAPSYK323 Praktisk utviklingsarbeid og rollen som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet er ei vidareføring og utviding av MAPSYK321 (Organisasjons- og leiarutvikling) og MAPSYK322 Team- og arbeidsmiljøutvikling. I praksisemnet får studentane ei teoretisk og erfaringsbasert skulering i den anvendte sida av utviklings- og rådgjevingsarbeid i organisasjonar. Emnet gir studentane oversikt over og innsikt i sentrale problemstillingar knytte til utøving av rolla som intern eller ekstern endringsagent/organisasjonsrådgivar/konsulent, innhaldet i slikt arbeid frå førebuing/mandat/oppdragsinngåing via førebuing, praktisk gjennomføring, til evaluering og læring, samt etiske spørsmål knytt til konsulentrolla. Med utgangspunkt i teori og modellar skal studenten få innsikt i kva ulike roller, metodar og innfallsvinklar han/ho i praksis kan gjere seg nytte av som organisasjonsrådgjevar/endringsagent og problem knytte til rolleavgrensing (rollekonflikt og rolleuklarleik), samt etiske dilemma ein kan møte i denne rolla. Emnet skal også gi studenten praktisk erfaring med slikt arbeid ved at ein innan rammene av «Studentfirmaet» vert engasjert av ei ekstern verksemd der ein får eit nærare spesifisert oppdrag som skal utførast i grupper á 2-3 studentar og under rettleiing frå faglærar.

I etterkant skal det skrivast ein rapport som dokumenterer det utførte arbeidet, samt eit fagleg refleksjonsnotat der oppdraget og arbeidsprosessen ein har vore gjennom skal presenterast og drøftast fagleg.

Oppdragsgjevar/praksisstade for studentfirmaet vil variere frå gjennomføring til gjennomføring, og vil vere basert på reelle førespurnader frå offentlege og private verksemder, i all hovudsak frå Bergensregionen. Emneansvarlig vil før kvar gjennomføring ta kontakt med aktuelle verksemder basert på det nettverk faglærarane har frå tidlegare gjennomføringar og frå kjennskap til eigne tidlegare studentar, samt frå kjennskap gjennom universitetet sin alumni-organisasjon.

Eventuelle utgifter til sjølve oppdraget vert dekka av oppdragsgjevar. Studentar kan ikkje ta i mot noko form for kompenasjon frå oppdragsgjevar, ei heller ta på seg andre oppdraget i etterkant av oppdraget så lenge dei er student ved UiB.

Typiske oppdrag vil kunne vere:

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Studenten har

 

Dugleikar

Studenten kan:

 

Generell kompetanse

Studenten kan:

Krav til forkunnskapar

MAPSYK321 og MAPSYK322 eller tilsvarande.

Krav til studierett

Oppmelding til emnet krev opptak ved masterprogrammet i psykologi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av 5 førelesingar á 3 timar.

Det vil bli gitt eit seminar om rettleiingsarbeid over 12 timar.

Det vil bli gitt inntil 6 timar rettleiing i grupper (a´ seks studentar) knytt til arbeidet i studentfirmaet. Ulike grupper med ulike oppdrag får rettleiing saman av faglærar.

Ansvaret for koordinering av praksisopphold i organisasjoner vil ligge hos emnenansvarlig.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisinga og deltaking i praksiselementet er obligatorisk.

 

Det vert stilt krav om minimum 80% deltaking i undervisinga.

 

Studentane skal gjennomføre oppdraget i samsvar med oppdragsgjevars tilfredsstilling. Studentane som arbeidar saman på oppdraget skriv i fellesskap ein rapport (1000-2000 ord) som dokumenterer korleis sjølve oppdraget og det praktiske arbeidet vart utført. Rapporten godkjennast av praksisrettleiar.

 

Dei obligatoriske aktivitetane må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Emneansvarleg følgjer opp oppdragsgjevarane for ei kort munnleg evaluering av oppdraget. Om oppdragsgjevar er misnøgd med gjennomføring av oppdraget, vil denne bli beden om å utarbeide ei skriftleg klage på studentane sitt arbeide. Emneansvarleg vil vurdere om arbeidskravet er tilfredsstilt basert på studentanes rapport, saman med eventuell klage og annan informasjonsinnhenting av informasjon.

Eksamen har form av eit refleksjonsnotat der eige prosjektarbeid vert presentert fagleg og der rammer og eigen gjennomføring vert kritisk drøfta (inntil 6000 ord).

Refleksjonsnotat frå studentane vert utarbeida i samarbeid mellom dei studentane som også har arbeida saman på oppdraget og det vert gitt ein felles karakter på arbeidet. Notatet skal innehalde ei skildring av oppdraget frå mandat i den arbeidsprosess som er nytta, fram til ei kritisk fagleg analyse og drøfting av praksisopphaldet og oppdraget som er utført. Medan den obligatoriske rapporten dokumenterer sjølve tenesta og det arbeid som oppdragsgivar har motteke, skal ein i refleksjonsnotatet skildre den arbeidsprosess som ein har nytta, vurdere dei rammer ein har hatt for oppdraget, vurdere og drøfte dei val ein har tatt undervegs, samt evaluere kvalitet og nytte av det utførte oppdraget ut frå teori og faglege standardar. Refleksjonsnotatet skal også innehalde refleksjon over eige læringsutbyte.

Karakterskala

Greidd/ ikkje greidd

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

 

Anbefalt litteratur presenterer sentrale teoriar, metodar og drøftingar som omhandlar rolla som konsulent/organisasjonsrådgjevar, samt etiske problemstillingar og vanlege arbeidsmetodar i slikt arbeid.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet