Emner: MED10 Tiende semester medisinstudiet - Høst 2021
Studiepoeng
13.0Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust og vår
Mål og innhald
I emnet MED10 får studentane kunnskap innan samfunnsmedisin med spesifikke emne innan førebyggjande- og arbeidsmedisin. I tillegg vil dei få kunnskap innan rettsmedisin, rus, smerte og palliasjon. Semesteret vil også innehalde undervisning i generell onkologi, som knyt saman den meir organspesifikke onkologien studentane tidlegere er blitt undervist i. Medisinstudentane får også auka kunnskap om leiarrolla til ein lege, handtering av kunnskap og etiske problemstillingar knytt til legeyrket. Dei vil også få ei innføring i internasjonal helse med fokus på helseproblem i låg- og mellominntektsland.
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter gjennomført semester kan studenten
- Anvende dei aktuelle lovverka som er relevante i si gjerning som lege (til dømes lov om folkehelse, lov om helsepersonell, lov om straff, lov om pasientrettar, lov om helseregistre, lov om arbeidsmiljø m.m.)
- Forstå korleis ulike faktorar i miljøet, som til dømes eksponeringer i arbeidslivet, kan påverke helsa
- Forstå dei vanlegaste metodane for forbetringsarbeid og handtering av uønska hendingar i arbeidslivet
- Vite om kva som kjenneteikner godt leiarskap og korleis ein kan løyse utfordringar som er knytt til samhandling mellom nivå og mellom profesjonar i helse- og omrsorgssektoren.
- Forstå korleis helsetenestene er organisert og oppbygde.
- Ha kjennskap til rusrelaterte symptom, og korleis ein kan førebygge rusrelaterte tilstandar
- Forstå viktige skilnadar og likskapar mellom rike og fattige land når det gjeld helsemessige og demografiske utviklingstrekk
- Forstå årsaker, epidemiologi, diagnostikk, handsaming og førebygging av dei store folkesjukdommane i låg- og middelinntektsland, med fokus på dei følgjande: HIV; tuberkulose; malaria; diare, luftvegsinfeksjonar, kreft og underernæring hjå barn; mødre- og spebarnhelse; sjukdommar som kan førebyggast med vaksine; og helseproblem som er relatert til krig og katastrofar.
Dugleik
Etter gjennomført semester kan studenten
- Vite korleis ein foreslår befolkningsretta tiltak som fremmer folkehelsa
- Sjølv utføre melding ved meldepliktige tilstander eller hendingar, og vite korleis disse skal handterast
- Gi kvalifiserte råd om førebygging av miljørelaterte plager
- Kartlegge, vurdere og gi eigna smerte- og symptomlindrande tiltak i samarbeid med pasienten og med andre profesjonar
- Sjølvstendig utføre ei målretta klinisk undersøking av pasientar og oppdage patologi som kan bekrefte/avkrefte mistanke om kreft
- Anvende kunnskapen sin om smerte- og symptomlindring for å handtere akutte tilstandar og komplikasjonar hos pasientar med sjukdom
- Sjølvstendig diagnostisere, utgreie og utføre ikkje-kirurgisk helsehjelp til pasientar med kreft som allmennlege og som lege på lokal- og sentralsjukehus og vite når pasientar skal vidare til spesialisthelsetenesta
- Vite korleis ein utfører grunnleggjande rettsmedisinske oppgåver, slik som til dømes syning av lik og utfylling av dødsattest
- Forklare korleis store folkesjukdomar påverkar samfunnsutviklinga i låg- og middelinntektsland.
- Vurdere korleis ulike verkemiddel kan betre folkehelsa i låg- og middel-inntektsland.
- Vurdere kva rolle legar har i område med konfliktar og katastrofar.
Generell kompetanse
Etter gjennomført semester kan studenten
- Anerkjenne fordeler, ulemper og mulige etiske problemstillingar ved igangsetting av befolkningsretta tiltak for å fremme helsa i befolkninga
- Anerkjenne at ein må tilnærma seg alvorleg sjuke og døande pasientar, og deira pårørande, på ein medmenneskeleg, etisk og profesjonell måte.
- Anerkjenne kompleksiteten i rusrelaterte problem
- Vise bevissthet om eigne verdiar og kritisk reflektere over eigen praksis og framtidig utøving av yrket som grunnlag for kontinuerleg forbetringsarbeid
- Anerkjenne helsevesenet sin plass i samfunnet, korleis ressursar kan fordeles på ein tenleg måte på tvers av helsetenesta og at alle ressursar har alternativkostnader
- Vise bevissthet om korleis ein kan innhente og presentere kunnskap på ein god måte og med eit kritisk blikk
- Være bevisst på å ha eit globalt perspektiv på utøving av si gjerning som lege
- Være merksame på konsekvensar av aukande globalisering for medisinsk tenkning.
Krav til forkunnskapar
Fullført MED9
Krav til studierett
Medisinstudiet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Det blir fokusert på varierte undervisningsformer og integrering mellom fagområder i tråd med intensjonen til Medisin 2015. Døme på undervisningsformer er kliniske smågrupper, praktiske kurs, nettbaserte ressursar, praktiske øvingar, team-basert- og case-basert læring i tillegg til førelesingar.
Fagleg informasjon via Mitt UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Deltaking på kliniske spesialvisittar og morgonklinikkar i onkologi
- Godkjente fleirvalstestar og individuelle oppgåver
- Presentasjon av oppgåver i gruppe i Legen som leder
- TBL i samfunnsmedisin
Alle obligatoriske krav underveis i semesteret må vere godkjent før eksamensmappa kan vurderast. Detaljar om ulike arbeidskrav finn ein under emnet i Mitt UiB.
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Informasjon om mappa vil bli gjeven i Mitt UiB.
Mappa blir vurdert som ein heilskap, og alle element må vere bestått for at mappa kan vurderast som godkjent.
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust og vår
Emneevaluering
Nyttar Mitt UiB i tillegg til STUND
Emnerapport første gong, og deretter kvar 3. gong emnet går.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar kan kontaktast her:
Semesterkoordinator: Kirsti Nordstrand, kirsti.nordstrand@uib.no
Studieadministrasjonen ved IGS: studie@igs.uib.no
Institutt for global helse og samfunnsmedisin