Emner: MED7 Sjuende semester medisinstudiet - Høst 2021




Studiepoeng

27.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Emnet for 7. semester gir studentane inngåande kunnskap om sjukdom og skade innanfor fagområda nevrologi, nevrokirurgi, psykiatri, barne- og ungdomspsykiatri, auge og øyre-nase-hals. Det blir undervist i generell undersøkingsteknikk knytt til fagområda, og det blir lagt vekt på tydinga av symptombasert diagnostikk og oppstart av behandling.

 

Studentane skal også 3 veker voksen- og 1 veke barne- og ungdomspsykiatriutplassering. Studentane skal då følgje pasientar frå innkomst og gjennom opphaldet eller eventuelt polikliniske konsultasjonar. Dei skal også vere med når pasienten blir undersøkt og behandla, og når lege har samtale med pasienten.

 

Integrert i emnet ligg også oppstartseminar for særoppgåve og utarbeiding av prosjektskildring for denne.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Etter gjennomført semester har studenten kunnskap om:

 

Ferdigheiter

Etter gjennomført semester kan studenten:

 

Generell kompetanse

Etter gjennomført semester skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Fullført MED6

Krav til studierett

Medisinstudiet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga blir gitt i form av førelesningar, pasientdemonstrasjonar, TBL, gruppeundervising med innøving av undersøkingsteknikk og undersøking av pasientar. Ein føreset stor eigenaktivitet frå studentane si side når det gjeld å utøve undersøkingsteknikk på kvarandre.

 

Fagleg informasjon via Mitt UiB/e-post.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatoriske arbeidskrav undervegs i semesteret må vere godkjent for å få gå opp til semestereksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

Det blir gitt ein samla karakter for semesteret, der skriftleg eksamen tel 70 % og munnleg 30 %.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

I studieplanen Medisin 2015 skal emna evaluerast ved bruk av referansegrupper i kombinasjon med skriftleg evaluering.

Kontaktinformasjon

Klinisk institutt 1

 

studie.kliniskmedisin@uib.no