Emner: MEDSTA Medisinsk statistikk - Høst 2021




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/integrert master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Overordna mål:

Medisinsk statistikk er eit fag som skal gi innføring i moderne statistiske metodar i medisinsk forsking. Faget omfattar bruk av matematikk for å skildre uvisse i målingar og modellere røynda. Faget si overordna målsetting er å oppnå kunnskap om kva rolle uvisse har i medisinsk forsking, og kor leis slik uvisse kan handterast. Metodegrunnlaget er svært viktig for å kunne fortolke resultat frå dei fleste slag av medisinsk forsking. Kurset fokuserer på metodegrunnlaget for randomiserte kliniske forsøk.

Innhald:

Kurset skal gi studenten kunnskap om:

Deskriptiv statistikk, enkel sannsynlighetsregning, diagnostiske testar, fundamentale fordelingar, viktige metodiske omgrep/størrelsar, hypotesetesting, estimering med konfidesintervall, fundamentale testprosedyrar, korrelasjon, regresjonsmetodar, overlevingsanalyse og prinsipp for analyse av randomiserte kliniske forsøk.

 

 

 

Læringsutbyte

Kunnskap

Etter fullført emne skal studentane kunne gjere greie for:

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studentane kunne:

Generell kompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk R2 eller tilsvarande

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er basert på 28 undervisningstimer med variert innhald og 8 timar grupperettleiing knytt til individuelle innleverings oppgåver.

Studentane skal møte forberedt til undervisningstimane som innehelder korte førelesningar. Studentane skal også arbeide med oppgåver i undervisingstimene i kurset. Det blir gitt to sett med heimeoppgåver som det skal arbeidas med i grupper med rettleiing.

 

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk mappe med to innleveringsoppgåver og ein MCQ-test

Vurderingsformer

Obligatorisk mappe med to innleveringsoppgåver og ein MCQ-test

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Fullt overlapp med MEDOD2 (5 stp).

Kontaktinformasjon

Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

e-post: mailto:studie@igs.uib.nostudie@igs.uib.no

Emneansvarleg:https://www.uib.no/en/persons/Rolv.Terje.Liehttps://www.uib.no/en/persons/Rolv.Terje.Lie

https://www.uib.no/en/persons/Rolv.Terje.LieRolv Terje Lie og https://www.uib.no/personer/Miriam.GjerdevikMiriam Gjerdevik