Emner: MEDSTA Medisinsk statistikk - Vår 2021
Studiepoeng
5.0Studienivå (studiesyklus)
Bachelor/integrert master
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Overordna mål:
Medisinsk statistikk er eit fag som skal gi innføring i moderne statistiske metodar i medisinsk forsking. Faget omfattar bruk av matematikk for å skildre uvisse i målingar og modellere røynda. Faget si overordna målsetting er å oppnå kunnskap om kva rolle uvisse har i medisinsk forsking, og kor leis slik uvisse kan handterast. Metodegrunnlaget er svært viktig for å kunne fortolke resultat frå dei fleste slag av medisinsk forsking. Kurset fokuserer på metodegrunnlaget for randomiserte kliniske forsøk.
Innhald:
Kurset skal gi studenten kunnskap om:
Deskriptiv statistikk, enkel sannsynlighetsregning, diagnostiske testar, fundamentale fordelingar, viktige metodiske omgrep/størrelsar, hypotesetesting, estimering med konfidesintervall, fundamentale testprosedyrar, korrelasjon, regresjonsmetodar, overlevingsanalyse og prinsipp for analyse av randomiserte kliniske forsøk.
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studentane kunne gjere greie for:
- sannsynlighetsteori
- deskriptiv statistikk
- diagnostiske testar
- fundamentale fordelingar
- viktige metodiske omgrep/størrelsar
- estimering og hypotesetesting for samanlikning av to grupper
- korrelasjon og regresjonsmetodar
- overlevingsanalyse
- grunnleggande metodar for analyse av randomiserte kliniske forsøk
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- beskrive ei samling observasjonar
- rekne ut P-verdiar og konfidensintervall og tolke desse i enkle standardsituasjonar
- kunne utføre statistisk analyse på eit medisinsk talmateriale
- forstå grunnleggande prinsipp for og analyser av randomiserte kliniske forsøk
Generell kompetanse
- Etter fullført emne skal studentane vere i stand til kritisk å vurdere statistikkbruk i medisinsk litteratur, spesielt frå randomserte kliniske studiar
Tilrådde forkunnskapar
Matematikk R2 eller tilsvarande
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga er basert på 28 undervisningstimer med variert innhald og 8 timar grupperettleiing knytt til individuelle innleverings oppgåver.
Studentane skal møte forberedt til undervisningstimane som innehelder korte førelesningar. Studentane skal også arbeide med oppgåver i undervisingstimene i kurset. Det blir gitt to sett med heimeoppgåver som det skal arbeidas med i grupper med rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk mappe med to innleveringsoppgåver og ein MCQ-test
Vurderingsformer
Obligatorisk mappe med to innleveringsoppgåver og ein MCQ-test
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Fagleg overlapp
Fullt overlapp med MEDOD2 (5 stp).
Kontaktinformasjon
Institutt for global helse og samfunnsmedisin.
e-post: mailto:studie@igs.uib.nostudie@igs.uib.no
Emneansvarleg:https://www.uib.no/en/persons/Rolv.Terje.Liehttps://www.uib.no/en/persons/Rolv.Terje.Lie
https://www.uib.no/en/persons/Rolv.Terje.LieRolv Terje Lie og https://www.uib.no/personer/Miriam.GjerdevikMiriam Gjerdevik