Emner: MEVI310-5 Forskningserfaring og metode: Digital frakobling - Vår 2021




Studiepoeng

10.0

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår 2021

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje erfaring med forskingsarbeid knytt til aktuelle forskingsprosjekt. Studentane skal ta del i forskingsseminar, teoridiskusjon, metodiske øvingar og formidlingsoppgåver, og slik opparbeide seg djuptgåande innsikt i eit utvald medievitskapleg tema, samt ferdigheiter i prosjektarbeid og analyse. Emnet vert kvart semester knytt til eit konkret forskingsprosjekt ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Siktemålet er at studentane skal tileigne seg metodiske og analytiske tilnærmingar, teoretiske kunnskapar og formidlingserfaring gjennom forskingsnær undervisning og prosjektretta aktivitet.

Forskingsprosjektet Innvaderende medier, ambivalente brukere og digital detox (Digitox) utforskar dilemma knytt til den omfattande bruken av digitale medium i samfunnet og i kvardagen vår. Siktemålet med dette emnet er at studentane skal tileigne seg analytisk innsikt i korleis ein kan forstå og forske på digital fråkopling. Vi spør kva mediebransjen gjer for å halde på merksemda vår, korleis vi som mediebrukarar reagerer på informasjonsoverflod, om vi blir avhengige av smarttelefonar og sosiale medium, og kva endringar vi ser i digital kommunikasjon som følgje av koronapandemien.

Emnet vil ta i bruk innovative digitale og kvalitative metodar, med eksperiment, loggdata og appar, og skriftleg datainnsamling i kombinasjon med kvalitative intervju. Workshops og studentoppgåver blir knytt til delstudiar og datainnsamling i Digitox-prosjektet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i medievitskap, medier og kommunikasjon eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

-

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på masterprogrammet i medier og kommunikasjon. Studentar ved andre masterprogram kan ta emnet etter søknad.

Arbeids- og undervisningsformer

Forskingsseminar/workshops med litteraturdiskusjon og metodiske øvingar. Anna prosjektretta aktivitet fastsett av emneansvarleg. Undervisninga kan vere er samla i delar av semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på forskingsseminar/ worhshops og metodiske øvingar som fastsett av emneansvarleg.

Ei avgrensa formidlingsoppgåve knytt til tema for forskingsprosjektet som emnet tek utgangspunkt i. Format for formidlingsoppgåva vert blir fastsett av emneansvarleg, og kan til dømes vere retta mot forskingsformidling i nettmagasin på nettstad eller sosiale medier, munnleg presentasjon av teoretiske omgrep på seminar, posters/ plakat eller rapport frå empirisk arbeid.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige inneværande og påfølgjande semester. 

Oppdatert: Grunna koronasituasjonen vil det ikkje vere krav om fysisk obligatorisk oppmøte vårsemesteret 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Vurderingsformer

Heimeeksamen over fire dagar. Heimeeksamen kan ta utgangspunkt i workshop-øvingar metodiske øvingar eller formidlingsoppgåver i emnet, til dømes ved at oppgåva omfattar analyse av empirisk materiale studentane har tatt del i å samle inn.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påføljande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet. 

Kontaktinformasjon

mailto:studieveileder@media.uib.no

mailto:studieveileder@media.uib.nostudieveileder@media.uib.no