Målet med emnet er å gje erfaring med forskingsarbeid knytt til aktuelle forskingsprosjekt. Studentane skal ta del i forskingsseminar, teoridiskusjon, metodiske øvingar og formidlingsoppgåver, og slik opparbeide seg djuptgåande innsikt i eit utvald medievitskapleg tema, samt ferdigheiter i prosjektarbeid og analyse.
Emnet vert kvart semester knytt til eit konkret forskingsprosjekt ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Prosjekta som emnet vert knytt til kan vere store eksternt finansierte prosjekt, men òg mindre forskingsprosjekt av ulik karakter og eigenart. Prosjekta kan vere empirisk eller teoretisk orienterte, og vil ta føre seg ulike medievitskapelege problemstillingar innan felt som medieestetikk, journalistikk, mediebruk, kommunikasjon, teknologi og kultur, retorikk og strategisk kommunikasjon. Siktemålet med emnet er at studentane skal tileigne seg metodiske og analytiske tilnærmingar, teoretiske kunnskapar og formidlingserfaring gjennom forskingsnær undervisning og prosjektretta aktivitet.
Emnet MEVI310-6 er tilknyttet forskningsprosjektet Pandemic rhetoric som undersøkjer korleis helsemyndigheiter kommuniserer i COVID-19-krisa, samt korleis deira tillit og truverde vert etablert, utfordra og reforhandla i mediene. Med bakgrunn i prosjektets empiriske materiale, teoriar om troverdigheit og tillit, retorikk og strategisk kommunikasjon utforskar vi i dette emnet slike spørsmål.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Undervisningen består av forelesningar og gruppearbeid.
Forelesningane vil gje innsikt i prosjektet Pandemic rhetoric, i ethos, troverdighet og tillit, samt i retorikk og strategisk kommunikasjon. Forelesningene vil også gje introduksjonar i forskingsarbeid.
I gruppearbeidet vil studentane i grupper gjennomføre forskingsaktivitet på bakgrunn av relevant teori og empiri knytta til prosjektet Pandemic rhetoric. Arbeidet kan til dømes innebære å utvikle problemstillingar, innsamling av materiale, etablere relevante kodar og kode materiale, samt å gjennomføre analyse av anten kvantitativ og kvalitativ art. Gruppearbeidet vert utført under rettleiing og kvar gruppe må gjennomføra ein plenums-presentasjon av sitt arbeid, samt gje tilbakemelding på ein annen gruppe sitt arbeid. Gruppearbeidet er obligatorisk aktivitet. Deltaking, skriftlig resultat og presentasjon må godkjennast for å kunne ta eksamen.
Gruppearbeidet er obligatorisk aktivitet. Deltaking, skriftlig resultat og presentasjon må godkjennast for å kunne ta eksamen.
Oppdatert: Grunna koronasituasjonen vil det ikkje vere krav om fysisk obligatorisk oppmøte vårsemesteret 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.