Emner: MEVI350 Masteroppgave i medier og kommunikasjon - Høst 2021




Studiepoeng

60.0

Undervisningsspråk

Norsk

Mål og innhald

I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling. Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for medier og kommunikasjon.

Masteroppgåva er eit skriftleg arbeid på om lag 80 sider/om lag 32000 ord. Masteroppgåva skal kunna gjennomførast med eitt års heiltidsarbeid, og gjev ei utteljing på 60 studiepoeng. Instituttet har utarbeidd ein rettleiingskontrakt som skal underskrivast av student og rettleiar, og som klargjer rettar og plikter for begge partar. Oppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid skrive under rettleiing. Dette betyr at vurderingskriteriane er dei same som ved vurdering av vitskapleg kvalitet elles, i lys av omfangsavgrensing og tidsramme for arbeidet.

Krav til vitskapleg framstilling inneber at masteroppgåva må a) innehalda rimeleg klart formulerte problemstillingar, b) demonstrera evne til oversiktleg og samanhengande framstilling, c) demonstrera kjennskap til hovudtrekk ved relevant forsking på feltet, d) innehalda analyse, argumentasjon og dokumentasjon i tråd med problemstillingane i oppgåva, e) eksplisera og gjera greie for eigne teoretiske og metodiske hovudval, som skal vera adekvate ut frå problemstillingane og f) demonstrera forståing av sentrale omgrep og konsistent bruk av desse i framstillinga.  

Tittelen på masteroppgåva vert synleg på vitnemålet.

Læringsutbyte

Studenten skal etter avslutta masteroppgåve ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

Ferdigheiter

Studenten kan

Generell kompetanse

Studenten kan

Krav til forkunnskapar

MEVI340 og 50 studiepoeng med valfrie emner i kursdelen.

Krav til studierett

Masterprogram i medier og kommunikasjon.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning og individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Etter at masteroppgåva er innlevert skal studenten gi ein presentasjon på 30 minutt av masteroppgåva. Presentasjonen finner stad normalt same dag som justerande munnleg. Eksamenskommisjonen bedømmer den obligatoriske presentasjonen til godkjend/ikkje godkjend. Dersom presentasjonen ikkje kan godkjennast, vil studenten få høve til å gi ein ny presentasjon, utan å levere oppgåva på nytt. Dette må skje i same semester som oppgåva ble levert. Godkjend presentasjon er ei føresetnad for å gå opp til justerande munnleg eksamen.

Oppdatert: Pga. koronasituasjonen vil kravet om deltaking på midtveisseminar ikkje være obligatorisk høstsemesteret 2021. Vi oppmodar likevel studentane til å følgje undervisninga i størst mogleg grad.

Vurderingsformer

Masteroppgåve og justerande munnleg

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester innan ordinær innleveringsfrist 1. juni. Masteroppgåva skal leverast via gjeldande tekniske løysing.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

studieveileder@media.uib.no