Emner: MIX250 Bacheloroppgave i medie- og interaksjonsdesign - Vår 2021




Studiepoeng

30.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

 

 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er at studenten gjennom å designe eit interaktivt mediesystem og evaluere sitt eige arbeid skal få auke sine analytiske og praktiske ferdigheiter.

Studentane samarbeider i grupper under rettleiing om designet, utviklinga og testinga av ein fungerande prototype av eit interaktivt mediesystem. Målet er innovasjon og nye idear, og systemet kan vere ein mobil applikasjon som hjelper journalistar i felten, ei betre løysing for samhandling med online nyhende, eit nytt sosialt medium, eit digitalt spel kor samhandlinga modellerer prosessar i samfunnet, eller eit anna interaktivt medium.

Gruppa skal nytte interaktive metodar for utvikling, og utføre ein komplett brukartest av systemet. Produksjonane vil bli synte fram i Media City Bergen i slutten av semestret, og studenten må òg skrive ei individuell akademisk oppgåve basert på prosjektet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

 

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

MIX100

Studiepoengsreduksjon

Emnet har fullt overlapp med INFOMEVI270

Krav til studierett

Reservert for studentar på bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign

Arbeids- og undervisningsformer

Workshops og rettleiing (om lag 85 timar)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap