Engelsk
Målet med emnet er å gi studentane den teoretiske, metodiske og praktiske kunnskapen om korleis gjennomføre eit individuelt eller kollaborativt masterprosjekt knytt til mediedesign og interaksjonsdesign for media. Studentane vil gjennom deltaking i emnet utvikle eit konsept for eit praksisbasert forskingsprosjekt som skal vere empirisk forankra i brukardata som er innsamla spesielt for prosjektet.
Emnet blir organisert som ein serie av workshops som saman skal lede til utviklinga av ei prosjektskildring for masterprosjektet. Studentane vil utvikle ein ide som blir presentert for eksterne selskap. De vil óg gjennomføre ein empirisk studie av moglege målgrupper for prosjektet, og utvikle ei prosjektskildring.
Eksamen i emnet er ei individuell prosjektskildring. I dei tilfelle der studentane ønskjer å samarbeide om eit masterprosjekt, leverer dei kvar si prosjektskildring som skildrar korleis dei ulike delprosjekta heng saman.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.