Emner: MIX302 Forskningsdesign og feltstudier - Vår 2021




Studiepoeng

30.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er å gi studentane den teoretiske, metodiske og praktiske kunnskapen om korleis gjennomføre eit individuelt eller kollaborativt masterprosjekt knytt til mediedesign og interaksjonsdesign for media. Studentane vil gjennom deltaking i emnet utvikle eit konsept for eit praksisbasert forskingsprosjekt som skal vere empirisk forankra i brukardata som er innsamla spesielt for prosjektet.

Emnet blir organisert som ein serie av workshops som saman skal lede til utviklinga av ei prosjektskildring for masterprosjektet. Studentane vil utvikle ein ide som blir presentert for eksterne selskap. De vil óg gjennomføre ein empirisk studie av moglege målgrupper for prosjektet, og utvikle ei prosjektskildring. 

Eksamen i emnet er ei individuell prosjektskildring. I dei tilfelle der studentane ønskjer å samarbeide om eit masterprosjekt, leverer dei kvar si prosjektskildring som skildrar korleis dei ulike delprosjekta heng saman. 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: 

Kunnskap 

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

MIX301

Studiepoengsreduksjon

MIX302 får ein reduksjon på 10 studiepoeng i kombinasjon med kvart av følgjande emne:

Krav til studierett

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar, workshops, og rettleiing, om lag 4-6 timar kvar veke i 12-14 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Godkjente obligatoriske krav har ingen tidsavgrensing.

Vurderingsformer

Prosjektskisse (ca. 5000 ord)

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap