Emner: MIX350 Masteroppgave i medie- og interaksjonsdesign - Vår 2021




Studiepoeng

60.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk/norsk

 

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er at studentane skal gjennomføre eit praktisk basert og sjølvstendig forskingsprosjekt i medie- og interaksjonsdesign. 

Masterprosjektet kombinerer ein praksisbasert komponent med ein teoretisk og analytisk skriftleg komponent. 

Den praksisbaserte komponenten involverer eit design eller evaluering av eit interaktivt mediesystem. Målet er å bidra til innovasjon eller å vurdere teknisk innovasjon innan medieteknologi. Den praktiske komponenten kan vere utviklinga av ei prototype eller eit empirisk feltarbeid der studenten evaluerer og analyserer eit eksisterande medieprodukt eller praksisar i eit medieselskap. Den praktiske komponenten kan bli utvikla i samband med medstudentar, og/eller i samband med eit medieselskap.

Den teoretiske komponenten er ei individuelt skriven masteroppgåve som er ein akademisk analyse og evaluering av den praktiske komponenten.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheiter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Krav til forkunnskapar

MIX301, INFO361, MIX302

Krav til studierett

Masterprogram i medie- og interaksjonsdesign

Arbeids- og undervisningsformer

Rettleiing, seminar og workshop (om lag 50 t)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I tillegg til å arbeide med sitt eige masterprosjekt skal studentane delta i følgjande obligatoriske aktivitetar:

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen

Vurderingsformer

Masteroppgåve. Denne har ein praktisk komponent og ein individuell skriftleg komponent. Den praktiske komponenten kan vere individuell eller gjennomført som gruppe, og vil bli utstilt og presentert for eksamenskomiteen som del av vurderinga. Den skriftlege komponenten er ei akademisk oppgåve på 15 000-20 000 ord.

Dei to delane vurderast og karaktersettast i sin heilskap.

Ved ei eventuell klage vurderast både den praktiske- og den skriftlege komponenten på nytt. Studenten må demonstrere den praktiske komponenten til klagesensor, på same måte som ved ordinær sensur.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust/vår

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Kontaktinformasjon

studieveileder.praktiskinfomedia@uib.no

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap