Vår.
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon:
Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.
Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk, du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.
Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.
Emnet vil gje studentane teoretisk og praktisk introduksjon til grunnleggande metodar i molekylærbiologi. Det vil bli opplæring i bruk av molekylærbiologisk laboratorieutstyr og arbeid med biologiske løysningar. Tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid bli vektlagt og studentane vil få eit innblikk i forskinga ved instituttet.
Samstundes med dei praktiske aspekta vil det også verta lagt vekt på planlegging, presentasjon, kritisk evaluering, og analyse av resultata i form av en laboratorierapport eller muntleg fremføring.
Emnet har som mål å
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten