Emner: MOL310 Strukturell Molekylærbiologi - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptakethttp://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

 

Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 2 for vårsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk, du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Kurset tar sikte på å gi studentane kunnskap om forholdet mellom biomakromolekylers struktur og deira funksjon. Studentane skal lære korleis ein løyser strukturer, korleis ein analysere disse, og korleis ein forstår deira biologiske- og biomolekylære eigenskapar. Det vil bli lagt vekt på korleis fleire biomakromolekyler dannar større kompleks, og korleis desse gjer opphav til eigenskapar som er viktige for celler og organismar.

Innhald:

Kursets primære biomolekylære fokus er protein. Andre biomolekyler og kompleks av biomolekyl vil generelt berre bli diskutert i forbindelse med deira forhold til protein. Tema som vil bli dekket inkluderer korleis aminosyrer blir organisert i primær-, sekundær-, tertiær- og høgareordensstruktur og kompleks, og korleis funksjonelle proteineigenskapar deretter dukkar opp som følgje av dette. Kurset vil tilby introduksjonar i relevant metodikk, spesielt korleis proteinstruktur bestemmast eksperimentelt og ved berekningsteknikkar. Kurset vil bygge på konsept som allereie er introdusert tidlegare, inkludert proteinfolding, allosteri, katalyse og enzymologi, ligand- og effektorbinding, posttranslasjonelle modifikasjonar og molekylær signalisering. Eit viktig aspekt av kurset vil være korleis alle disse fenomena regulerer proteinfunksjon. Kurset vil også diskutere det strukturelle og biokjemiske grunnlaget for molekylær signalisering, samt enzymfunksjon. Proteinevolusjon frå eit sekvens- og strukturperspektiv vil bli dekket.

Læringsutbyte

Etter avlagt kurs skal studenten ha følgande læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan forklare i detalj om

Ferdigheiter

Studenten er i stand til å

Generell kompetanse

Studenten har

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap.

Tilrådde forkunnskapar

Generell god bakgrunn i organisk kjemi og molekylærbiologi.

Studiepoengsreduksjon

MOL305: 15 studiepoeng

KB301: 15 studiepoeng

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte til orienteringsmøte angåande skriftleg oppgåve. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.

Vurderingsformer

Skriftleg oppgåve (25%) og skriftleg skuleeksamen (75%). Grunna situasjonen med koronavirus vert eksamen våren 2020 gjennomført som digital skriftleg skuleeksamen-heime. Eksamen vil være på 4,5 time (der 0,5 time er kompensert for teknisk tid).

Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar. Alle eksamenar må være fullført for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret.

For semester utan undervisning kan studenten avlegje skrifteleg eksamen dersom dei har gyldig vurdering på skriftleg oppgåve. Resultatet frå oppgåva (25%) og skrifteleg eksamen (75%) utgjer karaktergrunnlaget.

Hjelpemiddel til eksamen

Lærebøker, undervisningsmateriell, eigne notatar og internett er tillate under skriftleg skuleeksamen heime, saman med enkel kalkulator is amsvar med modellar angitt i fakultetet sine reglar. Under skuleeksamen -heime er det ikkje lov med samarbeid med medstudent(ar) eller andre. Vidare er det viktig å ikkje forstyrre medstudentar under eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no