Emner: MTEK330 Kvalitetssikring av kjemiske analyser - Vår 2021
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust.
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.
Undervisningsstad
Havforskningsinstituttet.
Mål og innhald
Det primære føremålet med kurset er å gje studentane innsikt i kvalitetssikring og validering av kjemiske analysemetodar samt sporevne av analyseresultat. I tillegg får studentane innblikk i typiske trinn i ei kjemisk analyse, som prøvetaking, prøveopparbeiding, instrumentell analyse og rapportering, og korleis kvart enkelt trinn bidrar til uvisse i det endelege resultatet. Laboratorieøvingane brukar moderne analytisk instrumentering og blir gjennomført på eit akkreditert analyselaboratorium.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten
- kjenner dei viktigaste prinsippa for kvantifisering i analytisk kjemi
- kjenner teorien og systematikken rundt kvalitetssikring av analyseresultat
- kjenner prinsippa for validering og akkreditering av kjemiske analysar samt sporevne av analyseresultat
- kjenner viktige rutinar i eit moderne analyselaboratorium
- kjenner til typiske trinn i ei kjemisk analyse (prøvetaking, prøveopparbeiding, instrumentell analyse, rapportering) og forstår korleis kvart enkelt trinn påverkar det endelege resultatet
- kjenner verkemåten for utvalde analyseinstrument
Ferdigheiter
Studenten
- kan anvende vanlege metodar for prøveopparbeiding av biologisk materiale
- kan anvende vanlege metodar for kvalitetssikring av kjemiske analysar
- kan vurdere truverdet til eit analyseresultat basert på kunnskap om den analytiske metoden og vanlege kvalitetssikringsdata
- beherskar gode laboratorierutinar, med særleg vekt på tryggleik og sikring av analysekvalitet i et akkreditert laboratorium
- kan anvende moderne laboratorieutstyr og instrumentering for kjemisk analyse
Generell kompetanse
Studenten
- har kjennskap til prinsipp og metodar innan kvalitetssikring
- har kunnskapar om grunnleggjande statistiske metodar
- kan planlegge og utføre nøyaktig arbeid på laboratoriet meistrar samarbeid på laboratoriet
Krav til forkunnskapar
KJEM110
Tilrådde forkunnskapar
KJEM130, KJEM120, KJEM250
Studiepoengsreduksjon
BIO306: 10 stp. MAR352: 10stp
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetethttp://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratorieøvingar og andre oppgåver.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk deltaking på første førelesning.
- Laboratoriekurs og skriftlege innleveringar. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester.
- Godkjent HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjent HMS-kurs ved Kjemisk Institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs
Vurderingsformer
Munnleg eksamen utgjer 100% av karakteren.
Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar og obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart vårsemester.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr&instnr1
Kontaktinformasjon
Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.