Mål:
Emnet har som mål å auke kunnskap om:
- europeisk kunstmusikk frå antikken til vår tid
- norsk musikkhistorie frå ca. 1800 til vår tid
- stil- og verkanalytiske metodar
Innhald:
Studiet tar opp tema som korleis klassisk musikkhistorie står i ein breiare kunst- og idéhistorisk samanheng.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten..
Ferdigheiter
Studenten..
Generell kompetanse
Studenten..
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Bachelorprogram i musikkvitskap.
Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i obligatorisk undervisningsaktivitet for vårsemesteret 2021.
Krav om frammøte som obligatorisk arbeidskrav fråfell. Det er likevel forventa at studentane stiller til undervisning, fysisk eller digitalt.
Dersom studenten ikkje kan delta i undervisning kan arbeidskrava erstattes med heimeoppgåver.
--
Under normale høve gjeld desse krava:
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i vurderingsform for vårsemesteret 2021.
Munnleg eksamen vil bli heldt digitalt.
--
Under normale høve gjeld denne vurderingsforma:
Munnleg eksamen
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.
Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i vurderingsuttrykk for vårsemesteret 2021:
Bestått/ikkje bestått.
--
Under normale høve gjeld dette vurderingsuttrykket:
Bokstavkarakterar frå A til F.
Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 700 sider og eit felles lytterepertoar på 20-30 verk.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@kmd.uib.no