Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Mål:
Emnet har som mål å førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle:
* stilistisk differensiert interpretasjonsevne
* teknisk og musikalsk ferdigheit
* eit breitt repertoar
* personleg uttrykk og formidlingsevne
Innhald:
Emnet er sett saman av følgjande:
* eigenferdigheit
* innstuderings- og øvingsteknikk
* instrumentkjennskap/stemmefysiologi
* interpretasjons- og repertoarforståing
* kurs i musikkteknologi
* ensemblespel
* konsert- og formidlingspraksis
Eigenferdigheit tek mellom anna opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song. Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastingskadar.
Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytte til relevante skolar og stilepokar.
Ensemblespel skal gje studentane erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal også akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* kjenner i grove trekk til repertoaret og tradisjonen knytt til hovudinstrumentet sitt
* kjenner instrumentet sin konstruksjon og virkemåte
Ferdigheiter
Studenten ..
* meistrar instrumentet sitt på eit kunstnarleg og teknisk nivå som svarar til repertoarkravet
Generell kompetanse
Studenten ..
* har grunnleggjande kunnskap om arbeidsteknikkar og førebuing
*veit kva som er gode arbeidsstillingar i øvings- og konsertsituasjonar.
Emnet erstatter MUG130 Hovudinstrument klassisk 1.
Undervisninga vert gitt i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.
Arbeidsfysiologiske emne vert gitt som klasse-/gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilrettelegge ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktivitetar i emneplanen vert gjennomført.
All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Repertoarkrav:
Minst 45 minutt solorepertoar, eventuelt med akkompagnement.
-Samspelrepertoar (jamfør spesifikk instrumentplan)
Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverast på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.
Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innan 15. april (ev. 15.oktober).
Bestått/ikkje bestått
Emnet erstatter MUG130 Hovudinstrument klassisk 1.
Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.
Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50