Emner: MUG145 Hoveddisiplin komposisjon 2 - Vår 2021




Studiepoeng

25.0

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å:

¿ Gje studenten ei innføring i og forståing for kva som ligg bak kreative og kompositoriske prosessar, både som epokeuttrykk og som individuelt kunstnarisk uttrykk.

¿ Utvikle ferdigheita i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk.

¿ Øve opp vurderingsevna og den musikalske forståinga av ulike tradisjonar og epokar gjennom kreativt og analytisk arbeid.

¿ Å gje ei systematisk oppfølging av studenten si musikkskaping som støtte til å formulere eit eige personleg uttrykk.

 

Innhald:

Studiet tar opp tema som:

¿ Komposisjon som kreativ prosess.

¿ Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon.

¿ Verkanalysar og repertoarforståing.

¿ Estetiske problemstillingar.

¿ Rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad.

Emnet byggjer vidare på Komposisjon 1 MUG144 og dei musikkorienterande faga, vil femne delar av den vestlege kunstmusikktradisjonen, og er eit innføringsemne med stor vekt på eiga musikkskaping i eit moderne kunstmusikalsk uttrykk som også omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

¿ har ei meir generell repertoaroversikt over sentrale verk og stilar.

¿ kjenner til og veit å nytte grunnleggjande arbeids- og førebuingsteknikkar.

Ferdigheiter

Studenten ..

¿ behersker grunnleggjande satsteknikkar, notasjonsformer og instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag.

¿ kan nytta datamaskin og ulik programvare i komposisjonsarbeidet.

Generell kompetanse

Studenten ..

¿ har skaffa seg erfaring med konsert- og formidlingspraksis.

Krav til forkunnskapar

Før eksamen i MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 2 skal disse emnene være greidd:

¿ MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1.

¿ MUG117 Musikkhistorie klassisk.

¿ MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

¿ MUG107 Musikkteori I.

¿ MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

 Emnet erstatter MUG135 Hovuddisiplin komposisjon 2

 

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten arbeider med definerte oppgåver og eigne verk:

¿ Sjølvstendig.

¿ Gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg.

¿ Gjennom aktiv deltaking i fellesseminar.

¿ I prosjekt.

Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å lage ein individuell arbeidsplan i samsvar med studieplanen.

Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått:

¿ I rettleiing og/eller i seminarform.

¿ Gjennom selvstendig lytting og/eller partiturlesing.

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar. I samråd med faglærar leggjast det opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

 

¿ Det vert forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar på og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat vert spelt inn.

¿ Eventuelt støtteinstrument: Studentar utan tidlegare instrumentalutdanning på høgre nivå kan etter individuell vurdering verte tilbydd undervisning på relevant støtteinstrument, ut frå behov. Ei oversikt over gjennomgått repertoar og instrumentalopplæring skal godkjennast av faglærar før framstilling til eksamen.

¿ Improvisasjonskurs.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i obligatorisk undervisningsaktivitet for vårsemesteret 2021.

Krav om frammøte som obligatorisk arbeidskrav fråfell. Det er likevel forventa at studentane stiller til undervisning, fysisk eller digitalt.

Dersom studenten ikkje kan delta i undervisning kan arbeidskrava erstattes med heimeoppgåver.

--

Under normale høve gjeld desse krava:

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.

Vurderingsformer

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i vurderingsform for vårsemesteret 2021.

Det planlegges for gjennomføring av konsert med de begrensinger som gjelder i antall medvirkende og publikum. Ved Covid-19 relaterte årsaker (f.eks. frafall fra sensor) kan opptak (audio og video) brukes som grunnlag for vurdering.

--

Under normale høve gjeld desse vurderingsformene:

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjente før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

Innhaldet i mappa vert vekta likt og får ein samla karakter. Utover sjølve karakterutfallet vil kandidaten i samtale med eksamenskommisjonen få ei grundigare tilbakemelding omkring dei framlagde komposisjonane.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

 

Fagleg overlapp

 Emnet erstatter MUG135 Hovuddisiplin komposisjon 2

 

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk