Haust og vår. Undervisninga går over to semester.
Emnet gjev ei praktisk og teoretisk innføring i musikkterapeutisk bruksmusikk, altså musikk og musiseringsformer som kan fungere sosialt i brukssituasjonar som er aktuelle i musikkterapien. Undervisning i emnet gjev eit fundament knytt til musikk, gjennom forståing av grunnleggjande musikkteori og oppøving av praktisk musikkdugleik.
Emnet inneheld fleire komponentar:
Høyrelære/satslære
Innhaldskomponentar i kurset i høyrelære/satslære er: kunnskap om toneartar, skalaer og harmonikk, transkripsjon av melodi, rytme og harmonisk skjema i enkeltlåtar (såkalla "plukking" av låtar), og arrangering for to, tre og fire stemmer, i relevante sjangrar. Kurset blir undervist i grupper på maksimum åtte studentar.
Bruksinstrument
Bruksinstrument skal vere eit aktuelt akkompagnementsinstrument, vanlegvis piano eller gitar, og det anbefalast at studentar undervises i sitt svakaste bruksinstrument (gitar eller piano). Studenten bør utvikle dugleik på følgjande område: Besifringsspel og bladspel (på gitar eventuelt spel etter tabulatur), gehørspel og transponering. I den grad det er rom for det, kan ein også arbeide med improvisasjon. Undervisninga tar særleg sikte på å setje studenten i stand til å akkompagnere song- og instrumentalaktivitetar og å forme eit musikalsk uttrykk ut frå det musikalske materialet som føreligg (sjå også emneplanane for MUTP302 og MUTP303).
Seminar i afrikansk musikk
Kurset omfattar eit seminar i afrikansk perkusjon og/eller dans.
Vekeskurs i norsk folkemusikk
Studentane får ei innføring i norsk folkemusikktradisjon ved å følgje vekeskurs i folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet.
Korprosjekt ved Griegakademiet
Studentane får røynsle med musikkutøving i klassisk tradisjon gjennom deltaking på Griegakademiet sine korprosjekt i samarbeid med aktuelle orkester.
Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har grunnleggande teoretisk kunnskap i musikk og kan delta musikalsk i praksisundervisninga på studiet.
Dugleikar
Studenten har grunnleggande praktisk dugleik i musikk og kan nyttiggjere seg undervisninga på andre musikkrelaterte emne i studiet.
Generell kompetanse
Studenten er kvalifisert til å engasjere andre menneske i helsefremjande musikalsk praksis.
All undervisning er obligatorisk og omfattar:
- Kurs i bruksinstrument
- Kurs i høyrelære/satslære
- Kurs i afrikansk perkusjon og/eller dans
- Vekeskurs i norsk folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet
- Deltaking i korprosjekt ved Griegakademiet
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.
Eksamen omfattar dugleiksprøve på aktuelt bruksinstrument, der studenten dokumenterer tilfredsstillande musikalsk framgang, tilfredsstillande musikkteoretisk forståing, og dugleik som ville kunne fungere i ein musikkterapeutisk arbeidssituasjon.
Intern sensur med minst to sensorar.
studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50