Mål:
Emnet har som mål å førebu studentane på dei praktiske sidene ved å byggja opp musikarkarrieren.
Innhald:
Aktuelle Det vert arbeidd med aktuelle tema:
- marknadsføring (pressepakke, CV og liknande)
- prosjektsøknader
- turnéplanleggjing
- korleis lage gode lydopptak eller video
- organisering av eige føretak, sjølvmelding og skattespørsmål
- forventningar og krav til profesjonalitet i arbeidslivet.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* skal ha god forståing for organiseringen av musikklivet og kan orientere seg og agere profesjonelt i feltet
Ferdigheiter
Studenten ..
* er i stand til å marknadsføre seg sjølv eller sitt ensemble og kan administrere dei forretningsmessige sidene ved ein profesjonell karriere.
Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i obligatorisk undervisningsaktivitet for vårsemesteret 2021.
Krav om frammøte som obligatorisk arbeidskrav fråfell. Det er likevel forventa at studentane stiller til undervisning, fysisk eller digitalt.
Dersom studenten ikkje kan delta i undervisning kan arbeidskrava erstattes med heimeoppgåver.
--
Under normale høve gjeld desse krava:
Studentane skal
- delta i obligatoriske framføringar, diskusjonar og førelesingar
- delta på prosjekt og nødvendige førebuingar mellom førelesingane.
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Studenten må levere inn ei mappe beståande av:
- eit kort lyd- og/eller videoeksempel til bruk for å marknadsføre seg sjølv
- ein profesjonell CV
- ein prosjektsøknad.
Studierettleiar kan kontaktast her:
studieveileder@kmd.uib.no
Tlf 55 58 69 50