Emner: MVK250 Bacheloroppgave i musikkvitenskap - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Haust eller vår

Undervisningsstad

Mål og innhald

Emnet skal gi utvida musikkvitskapleg kunnskap. Arbeidet med bacheloroppgåva skal øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av musikkvitskaplege problemstillingar. Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

 

Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftast ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei fortolkningsmessig analyse av en musikalsk tekst eller utval av musikalske tekster, eller ei empirisk analyse av kvalitative data samla ved feltarbeid. Emnet gir studentane evner til å framstille sitt eige arbeid både skriftleg og munnleg, samt kritisk kommentere andre sine tekster.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

 

Kunnskap

Studenten..

 

Ferdigheiter

Studenten..

 

Generell kompetanse

Studenten..

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha bestått 120 studiepoeng for å starte på bacheloroppgåva.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Studierett på Bachelorprogram i musikkvitskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Studentane i samråd med faglærar vel kva tema som skal danne utgangspunkt for bacheloroppgåva.

 

Obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving; oppgåveseminar samen med andre studentar som tar emne.

 

 

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk, med heimel i Midlertidig forskrift fastsatt av universitetsstyret 28.05.2020, vedteke endringar i obligatorisk arbeidskrav (oktober 2020):

 

Krav om frammøte ved undervisning fell vekk for vårsemesteret 2021 pga. koronasituasjonen. Emneansvarleg kan tildele studentar andre arbeidskrav, til dømes skriftlege oppgåver m.m., som ei erstatning. Omfanget og kva til arbeidskrav studenten vert tildelt, vert vurdert i forhold til kor mange undervisningstimar studenten har mista, og i omsyn til læringsmålutbyttet for emnet.

 

 

--

 

Under normale høve gjeld desse krava:

 

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i vurderingsformer for vårsemesteret 2021:

 

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

 

Eksamen er ei rettleidd bacheloroppgåve på 5000 - 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. I tillegg er det ei justerande munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i bacheloroppgåva (gjennomførast digitalt via Zoom).

 

Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve.

 

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

 

--

 

Under normale høve gjeld desse vurderingsformane:

 

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

 

Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve.

 

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum på om lag 1200 sider særskild knytt til oppgåva. Studentane vel sjølve litteratur i samråd med rettleiar. I tillegg til bibliografien som lister opp alle kilder sitert i oppgaven, bør oppgaven inkludere som vedlegg en liste over de akademiske kildene som utgjør pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: mailto:studieveileder.kmd@uib.nostudieveileder.kmd@uib.no