Emner: NOFI300 Norrøn filologi spesialisert emne I - Høst 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Skandinavisk. Etter behov kan undervisninga gjevast på engelsk.

Undervisningssemester

Vår og haust.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

NOFI300 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester.

Målet med NOFI300 er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd i bachelorstudiet, og at emnet skal vere med på å skape breidd og kontrast i masterstudiet.

Eit særskilt føremål med NOFI300 er at det skal gje øving i vitskapleg metode tilpassa emnet og i søk av litteratur og andre faglege ressursar. Saman med det prosjektførebuande kurset NOLISP300 skal det gje eit generelt grunnlag for arbeidet med masteroppgåva.

 

Tema høsten 2021

 

Dette kurset gir en innføring i en av de mest interessante tidene i middelalderens litterære produksjon i Scandinavia, nærmere sagt den første halvdelen av 1200-tallet. Under den innflytelsesrike kongen Håkon Håkonsson (1204¿1263) nådde Norge et internasjonalt anerkjennelsesnivå. Kurse vil gi deltakerne en oversikt over en rekke norrøne sjangre som ble skrevet i hans tid, eller som handler om denne perioden. I kurset leser vi kongesagaen Hákonar saga Hákonarsonar, riddarasagaen Erex saga, opplæringsteksten Konungs skuggsjá og en del av den vestnorske Gulaþingsl¿g eldri. Basert på teoretiske tilnærminger fra sjangerteorier og tekstkritikk, er kurset mål å undersøke noe av de mest viktigste (kultur-) historiske, litterære og politiske aspektene i norsk middelalder.

 

Kurset retter seg mot både bachelor- og masterstudenter, og det kan tas med flere kurskoder. Disse har til felles at studentene skal skrive ei heimeoppgave: i NOFI 250 en bachelor oppgave, i NOFI210 og NOFI300 ei semesteroppgave, og i NOFI 302 en heimeeksamen. I NOFI 303 er det en presentasjon (20-25 minutter) av et faglig tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærer, som også godkjenner presentasjonen. Obligatorisk oppmøte på minst 75% av undervisningen fjernes pga. koronasituasjonen. Isteden må studentene levere fire korte tekster om faglige tema på kurset. Hver oppgave bør være på s. 500 ord.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI300

- har fått innføring i vitskapleg arbeidsmåte på masternivå

- har overblikk over dei viktigaste hjelpemidla til sjølvstendig arbeid innanfor norrøn filologi

- har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset

- har innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg og skriftleg

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling

- kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand

- kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur

- kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling

- kan organisere ei fagleg gransking i ei god, skriftleg form

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema, både skriftleg og munnleg

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk og har øvd seg i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

Krav til forkunnskapar

NOFI101 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Kurset overlappar ikkje med andre emne

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i norrøn filologi og masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker.

I alt om lag 24 timar undervisning.

I tillegg kjem rettleiing av faglærar på semesteroppgåva.

Undervisninga på masternivå blir organisert som seminar der studentane må delta aktivt og kome med sjølvstendige bidrag til diskusjonen. Studentane skal utføre dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Undervisninga i NOFI300 vil som oftast vere samanfallande med undervisninga i andre NOFI-kurs på 300-nivå, og kan også vere samanfallande med undervisninga i norrønfilologiske tema på 200-nivå. I så fall blir det teke individuelle omsyn til dei behova som studentane har på dei ulike kursa.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning i samsvar med instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar i vårsemesteret / 1. september i haustsemesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av undervisninga.

2) Ein presentasjon (20-25 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

3) Arbeid med ei semesteroppgåve:

a) Studenten vel tema for semesteroppgåva i samråd med faglærar. Rettleiing frå faglærar er obligatorisk, men studenten må sjølv søkje rettleiing og møte fram til denne.

b) Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering. Denne fristen blir kunngjord på Mitt UiB.

c) Frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.

Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Pga. koronasituasjonen fell kravet om 75 % oppmøte bort hausten 2021. I staden må studentane levere fire korte tekstar om faglege tema på kurset. Kvar oppgåve bør vere på ca. 500 ord. 

Vurderingsformer

Ei rettleidd semesteroppgåve og ein justerande, munnleg eksamen.

Studenten vel tema for semesteroppgåva i samråd med faglærar. Det blir lagt særleg vekt på vitskapleg metode og søk og bruk av sekundærlitteratur. Omfanget av oppgåva skal vere på 13-17 sider (26 000-34 000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjevne på Mitt UiB.

Semesteroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Den munnlege eksamenen omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på semesteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.

Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg.

Dersom studenten ikkje leverer semesteroppgåva eller stryk på denne, kan han eller ho ikkje møte til munnleg eksamen.

Det er ikkje høve til å bruke semesteroppgåva på nytt i eit seinare semester. Studenten må, i samråd med faglærar, velje eit nytt tema for semesteroppgåva i det aktuelle semesteret

 

Munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med semesteroppgåva har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Under den munnlege prøva er ingen hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Vurderingssemester

Vår og haust.

Litteraturliste

NOFI300 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad ("vekta sider"). Det er eigne brøkar for vekting av tekstar i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.

Ei fullstendig litteraturliste på skandinavisk blir lagd ut innan 1. desember for det påfølgjande vårsemesteret / innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret. Om undervisninga blir gjeven på engelsk, vil studentane få tilbod om ei tilsvarande litteraturliste på engelsk.

Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no