Emner: NOFI303 Norrøn filologi spesialisert emne III - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Skandinavisk. Etter behov kan undervisninga gjevast på engelsk.

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

NOFI303 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester.

Målet med dette emnet er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd i bachelorstudiet, og at emnet skal vere med på å skape breidd og kontrast i masterstudiet.

 

Tema våren 2021

 

Norske runeinnskrifter

 

Dette kurset skal gje deltakarane ei allmenn innføring i runologi med hovudvekt på korpuset av norske runeinnskrifter.  Kurset gjev øving i å kode eit mindre utval norske runeinnskrifter slik at desse kan publiserast på nettet, og vidare slik at kvart ord i innskriftene blir annotert for oppslagsform og grammatisk form. Deltakarane får praktisk hjelp i dette arbeidet. På bakgrunn av dei utvalde innskriftene kan deltakarane i samråd med faglæraren formulere ulike heimeoppgåver som gjer bruk av materialet og som diskuterer problem som reiser seg i kodinga og annotasjonen av innskriftene.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI303

har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset

har god forståing av temaet i forhold til andre tema i norrønfilologien

har god innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg i form av ei førelesing

 

Ferdigheiter

Kandidaten

kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling

kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand

kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur

kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling

kan leggje fram og forsvare eit norrønfilologisk tema i ei offentleg førelesing

 

Generell kompetanse

Kandidaten

kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema

kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse

kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

kan kommunisere med både spesialistar og ålmenta om faglege problemstillingar i norrøn filologi og i ein viss grad frå relaterte felt innanfor mellomalderforskinga

Krav til forkunnskapar

NOFI101 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Kurset overlappar ikkje med andre emne.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i norrøn filologi.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker.

I alt om lag 24 timar undervisning.

Undervisninga på masternivå blir organisert som seminar der studentane må delta aktivt og kome med sjølvstendige bidrag til diskusjonen. Det blir venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Undervisninga i NOFI303 vil som oftast vere samanfallande med undervisninga i andre NOFI-kurs på 300-nivå, og kan også vere samanfallande med undervisninga i norrønfilologiske tema på 200-nivå. I så fall blir det teke individuelle omsyn til dei behova som studentane har på dei ulike kursa.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning i samsvar med instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar i vårsemesteret / 1. september i haustsemesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av undervisninga.

2) Ein presentasjon (20¿25 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.

 

Vurderingsformer

Prøveførelesing på 30 minuttar over eit tema frå pensumet på kurset. Førelesinga skal framførast på norsk, dansk, svensk eller engelsk.

Temaet for prøveførelesinga blir fastsett av faglærar og kunngjort to veker før førelesinga skal haldast.

Rett før framføringa skal kandidaten levere ein skriftleg versjon av førelesinga til eksamenskommisjonen.

Etter førelesinga blir det halde ei munnleg drøfting på inntil 15 minuttar mellom kandidaten og eksamenskommisjonen.

Karakteren blir fastsett på grunnlag av prøveførelesinga og den munnlege drøftinga i etterkant.

Førelesinga er offentleg.

 

Munnleg eksamen digital, som tiltak mot spreiing av koronavirus.

Hjelpemiddel til eksamen

Under utarbeidinga av prøveførelesinga har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Under framføringa av prøveførelesinga og i den munnlege drøftinga i etterkant er ingen hjelpemiddel tillatne.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Vår og haust

Litteraturliste

NOFI303 har eit pensum på om lag 1000 sider av normal vanskegrad (¿vekta sider¿). Det er eigne brøkar for vekting av tekstar i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.

Ei fullstendig litteraturliste på skandinavisk blir lagd ut innan 1. desember for det påfølgjande vårsemesteret / innan 1. juni for det påfølgjande haustsemesteret. Om undervisninga blir gjeven på engelsk, vil studentane få tilbod om ei tilsvarande litteraturliste på engelsk.

Det er høve til å skifte ut delar av denne litteraturen etter avtale med faglærar, men i så fall må den reviderte pensumlista godkjennast av faglærar innan ein frist som blir kunngjord ved opninga av kurset.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no