Emner: NUCLI395 Masteroppgave i klinisk ernæring - Høst 2021




Studiepoeng

60.0

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

3. og 4. semester (haust og vår)

 

Mål og innhald

Studenten skal jobbe med eit sjølvstendig vitskapeleg prosjekt under rettleiing i to semester. Studenten skal presentere prosjektet sitt på masterseminar til medstudentane sine og rettleiar. Relevant kunnskap opparbeidd gjennom heile studiet skal nyttast og utviklast til å fortolke og diskutere resultat på ein akademisk måte slik at studenten skal kunne formidle forskingsarbeidet på ein god måte.

Fire veker klinisk praksis i spesialisthelsetenesta inngår i masteroppgåva.

Praksisperioden skal i størst mogleg grad omfatte direkte pasientretta arbeid med både inneliggande og polikliniske pasientar i spesialisthelsetenesta. Den første veka skal studentens kliniske ernæringsfysiolog (KEF)-rettleiar vere til stades i alle pasientmøter. Det forventast at studenten viser økt grad av sjølvstende gjennom praksisperioden. KEF-rettleiar skal jevnlig observere studenten i pasientmøter for å vurdere progresjon. Det er rettleiar som til ei kvar tid er ansvarleg for den aktuelle pasientbehandlinga.

Studenten skal ta del i ulike daglege arbeidsoppgåvene som KEF har på praksisstadent, f.eks. pre-visitt, pasientkonsultasjon (inneliggande og poliklinisk), tverrfagleg samarbeid med leger, pleiepersonell og tilsette på kjøkken, pasientundervisning og undervisning av anna helsepersonell.

Etter praksisperioden skal studenten sjølvstendig kunne vurdere, diagnostisere og behandle ernæringsutfordringar hos pasientar med enkle, og komplekse somatiske og psykiske sjukdommar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Læringsutbyte masteroppgåve

Kunnskapar: Studentane..

 

Ferdigheiter: Studentane..

 

Generell kompetanse: Studentane..

 

Læringsutbyte klinisk praksis

Ferdigheiter: Studentane..

 

Generell kompetanse: Studentane..

Krav til forkunnskapar

Avlagt eksamen i alle obligatoriske mastergradsemne og valfrie emne, til saman 60 studiepoeng må være bestått før avsluttande mastergradseksamen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det blir oppretta ei skriftleg rettleiingskontrakt (utdanningsplan) mellom student, rettleiar og instituttet. Undervisning skjer i form av praktisk og teoretisk rettleiing. Masteravtale og retteliingskontrakt skal signerast medio 2. semester. Rettigheiter og plikter er spesifisert i masteravtalen og rettleiingskontrakten.

Klinisk praksis skal gå føre seg under rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Halde eit innlegg om eige masterprosjekt for medstudentar og rettleiarar i eit masterseminar ein eller to gonger i løpet av året.

Godkjend fire veker klinisk praksis (sjå egne skjema i Mitt UiB).

Skikkethetsvurdering basert på formelle vurderingskriterier «godkjent/ikkje godkjent» i høve til reglement ved Det Medisinske fakultet: https://www.uib.no/med/90754/regler-gjennomf%C3%B8ring-og-vurdering-av-praksisperioder

Reiser det tvil om studenten vil oppnå godkjent praksis, skal det arrangerast eit møte, der både praksisrettleiar/universitetets representant og studenten deltar. Det skal skrivast ei oppsummering som alle møtedeltakarane signerer. Det skal påpekast kva krav som evt. må oppfyllast for å kunne oppnå vurderinga «Godkjent».

Frist for å gje studenten skriftleg melding om at vedkommande står i fare for å ikkje å oppnå godkjent praksis er minimum ei veke før praksisperioden avsluttast.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg oppgåve (ca. 70 sider) og justerande munnleg. Justerande munnleg eksamen kan justere karakteren på bestått resultat som satt på eit føregåande skriftleg arbeid opp eller ned med ein karakter. Kvar student blir vurdert individuelt.

Innleveringsfrist er vanlegvis medio mai.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studie-nutrition@uib.no / (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46