Emner: NUTR100 Innføring i klinisk ernæring - Vår 2021




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Mål og innhald

Emnet vil gje ein innføring til ernæring, med sterk vekt på fagleg bredde, element som er sentrale i ernæringslære og tverrfaglege element. Studentane får innsikt i vitskapeleg arbeid (mellom anna ved å søke vitskapeleg litteratur) og i det kliniske arbeidet (ved å følgje ein klinisk ernæringsfysiolog i arbeidsdagen). Studentane blir kjent med utviklinga i det norske kosthaldet, den historiske utviklinga og får eit globalt perspektiv på ernæring. Vidare lærer dei om metodane som er sentrale i ernæringsforsking og klinisk arbeid (kostregistrering, feilkjelder i kostregistrering, måling av ernæringsstatus, energimetabolisme). Studentane får også ein innføring i matvarekunnskap med vekt på dei mest brukte matvarene i Norge. Emnet legger vekt på både teori og praksis og aktiv deltaking av studentane.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten:

Kunnskap

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesningar og gruppearbeid (team-based learning) inkludert presentasjoner: ca. 20 dobbeltimar

Bibliotekskurs (3 t)

Fyrstehjelpskurs (3 t)

Hospitering med KEF (4 t)

Øvingar (hver ca. 2-3 t) med tema:

  • kroppssamansetning/antropometri
  • matvaretabellen
  • porsjonsstorleik
  • kostintervju
  • kvilemetabolisme/indirekte kalorimetri
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet

    Deltaking på øvingar, hospitering med KEF, fyrstehjelpskurs og bibliotekskurs er obligatorisk.

    Deltaking på minst 80% av seminarar og forelesningar.

    Vurderingsformer

    3 t skriftleg eksamen

    Emnet går over to semestre og har eksamen på våren.

    Grunnet utbruddet av COVID-19 (koronavirus) vil eksamen for vårsemesteret 2021 bli arrangert som 3 timers heimeeksamen, med hjemmel i studietilsynsforskriften § 2-7. Karakterskala A-F.

    Karakterskala

    A-F

    Emneevaluering

    I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet vert det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

    Kontaktinformasjon

    studie-nutrition@uib.no/ (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 61 46