Målet med emnet er å gje studentane erfaring med ernæringsvitskapeleg arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og presentasjon av eit vitskapeleg prosjekt (både munnleg og skriftleg).
Studentane skal dokumentere vitskapeleg tenke- og arbeidsmåte.
Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/problemstilling knytt til ernæring. Oppgåva kan vere ei empirisk oppgåve eller ei litteraturoppgåve (review).
Ein kan begynne på oppgåva i 5. semester og ho skal leverast i 6. semester. Programutvalet vil sikre at det er ei liste med forslag til tema. Alle førelesarar innan bachelorprogrammet i human ernæring kan foreslå tema/problemstilling og vere rettleiarar. Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk.
Studentane skal presentere sine oppgåver til kvarandre i eit seminar (obligatorisk deltaking).
Etter fullført emne skal studenten kunne
- orientere seg i ernæringsrelatert vitskapeleg litteratur
- nytte referansar på ein vitskapeleg måte
- gjennomføre eit avgrensa vitskapeleg prosjekt under rettleiing
- vurdere og presentere vitskapelege resultat både munnleg og skriftleg
Førelesingar innan vitskapelege metodar, bruk av vitskapelege kjelder og bibliotek, statistikk og presentasjonsteknikk.
Studenten skal arbeide sjølvstendig med sitt prosjekt under individuell rettleiing.
Den skriftlege oppgåva bør vere mellom 5000 og 8000 ord (eksklusiv referansar, appendiks, tabellar). Studenten skal gje ein munnleg presentasjon av si oppgåve (10 minuttar) etterfølgt av ein diskusjon (maks. 10 minuttar).
Deltaking på bibliotekskursa og bachelorseminaret kor studentane presenterer oppgåva si.