Emner: NUTR290 Bacheloroppgave - Vår 2021




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Målet med emnet er å gje studentane erfaring med ernæringsvitskapeleg arbeid, i form av planlegging, gjennomføring og presentasjon av eit vitskapeleg prosjekt (både munnleg og skriftleg).

Studentane skal dokumentere vitskapeleg tenke- og arbeidsmåte.

Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema/problemstilling knytt til ernæring. Oppgåva kan vere ei empirisk oppgåve eller ei litteraturoppgåve (review).

Ein kan begynne på oppgåva i 5. semester og ho skal leverast i 6. semester. Programutvalet vil sikre at det er ei liste med forslag til tema. Alle førelesarar innan bachelorprogrammet i human ernæring kan foreslå tema/problemstilling og vere rettleiarar. Oppgåva kan skrivast på norsk eller engelsk.

Studentane skal presentere sine oppgåver til kvarandre i eit seminar (obligatorisk deltaking).

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne

 - orientere seg i ernæringsrelatert vitskapeleg litteratur

- nytte referansar på ein vitskapeleg måte

- gjennomføre eit avgrensa vitskapeleg prosjekt under rettleiing

- vurdere og presentere vitskapelege resultat både munnleg og skriftleg

Krav til forkunnskapar

Studentane skal på førehand ha fullført minimum 120 obligatoriske studiepoeng innan bachelorprogrammet i human ernæring.

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar innan vitskapelege metodar, bruk av vitskapelege kjelder og bibliotek, statistikk og presentasjonsteknikk.

Studenten skal arbeide sjølvstendig med sitt prosjekt under individuell rettleiing.

Den skriftlege oppgåva bør vere mellom 5000 og 8000 ord (eksklusiv referansar, appendiks, tabellar). Studenten skal gje ein munnleg presentasjon av si oppgåve (10 minuttar) etterfølgt av ein diskusjon (maks. 10 minuttar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på bibliotekskursa og bachelorseminaret kor studentane presenterer oppgåva si.

Vurderingsformer

Individuell skriftleg oppgåve og justerande munnleg. Justerande munnleg prøve kan justere karakteren på bestått resultat som satt på eit føregåande skriftleg arbeid opp eller ned med ein karakter. Kvar student blir vurdert individuelt.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studie-nutrition@uib.no/ (+47) 55 58 54 44 / (+47) 55 58 25 35

Institutt

Klinisk institutt 1