Emner: OD1ORBI2 Oral biologi del 2 - Vår 2021




Studiepoeng

7.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Undervisinga omfattar detaljerte førelesingar om normal utvikling, anatomi og histologisk bygnad av tenner, tanna sitt festeapparat, orale mukosa, spyttkjertlar og tilgrensande vevsområde og kjeveledd, samt normal innervasjon og karforsyning av tenner og tanna sitt festeapparat. I tillegg kjem undervising om tidsskjema for utvikling og frambrot av det primære og permanente tannsettet. Det vert også gitt døme på typiske utviklingsavvik i tyggjeapparat og orale vev.

I undervisinga inngår også nokre førelesingar i oral fysiologi om spyttkjertelfunksjon, pulpa sin fysiologi og tannsmerter. Målet er å forstå den normale utviklinga, bygnaden og funksjonen til veva, sjukdomsutvikling og smerter frå orale vev og ansikt, samt førebyggje sjukdom i desse veva.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

Kunnskapar

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

Oral biologi del 1 må vere godkjend før studenten kan ta kursdel 2.

Krav til studierett

Integrert masterprogram i odontologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gjeven som førelesingar og mikroskopikurs (totalt rundt 50 timar). Studentane fører kursjournal som blir innlevert og retta.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Mikroskopikurset er obligatorisk. Kursjournalane må vere godkjend for å gå opp til avsluttande eksamen.

Vurderingsformer

4 timars skriftleg eksamen.

Karakterskala

A-F

Grunnet utbruddet av COVID-19 (koronavirus) vil eksamen for vårsemesteret 2021 bli arrangert som hjemmeeksamen med karakterskala bestått/ikke bestått, med hjemmel i studietilsynsforskriften § 2-7.

Emneevaluering

Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin
studie.biomed@uib.no 

 

Emneansvarleg:
Päivi Kettunen, http://uib.no/personer/Paivi.Kettunen