Kunnskapar
Etter fullført emne skal studentane skal gjere greie for:
- Korleis dei aktuelle mikroorganismane, mikrobielt tannbelegg (biofilm) og mikroøkologiske endringar kan føre til infeksjon og betennelse.
- At infeksjonar ikkje alltid gir kliniske symptom og vevsendringar hos pasientane, men at slike pasientar likevel kan vere smittefarlege
- Greie ut om og bruke kunnskapar om dental biofilm profylaktisk, det vil seie hindre at slik biofilm blir danna og at biofilmrelaterte sjukdomar dermed utviklar seg
- Greie ut om og kunne ta prøver av saliva og tannbelegg og vite korleis prøvene kan nyttast til mengdebestemming av kariesbakteriar for å bestemme pasientar sin kariesrisiko
- Korleis effektiviteten til sterilisatorar kan undersøkjast mikrobiologisk
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- Omgåast mikroorganismar på ein forsvarleg måte
- Så ut mikroorganismar på vekstmedium og vurdere veksten
- Framstille og undersøkje gram-preparat med mikroskop
- Utføre sterilisatorkontroll med sporeprøver
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studentane:
- Ut frå mikrobiologiske kunnskapar vere motivert for førebygging av karies og tannløysingssjukdom
- Innrette seg slik at sannsynet for sjølv å bli smitta er minst mogleg
- Ut frå kunnskapane om smittsame sjukdomar praktisera gjeldande anbefalte smitteførebyggjande tiltak ved pasientbehandling
- Basert på kunnskap om farane ved spreiing av resistente bakteriar ha ei restriktiv holdning til bruk av antimikrobielle middel i odontologisk praksis for slik å bidra til å hindre spreiing av resistens mot antimikrobielle middel