KOS-blokka omfattar sjukdomar, smerter, misdanningar og skadar i det oro-maxillo-faciale området og er inndelt i følgjande emne:
* Endodonti, Pedodonti og Oral kirurgi og oral medisin har utarbeidd eit felles, tverrfagleg undervisningsopplegg om tanntraume. Undervisninga for haustsemesteret er plassert under Pedodonti.
For nærare detaljar om KOS-blokka, sjå nettadressa: http://www.uib.no/odfa/undervisning/index.htm
Kunnskapar
Studentane skal skaffe seg tilstrekkelege teoretiske kunnskapar for å kunne gjennomføre ei praktisk/klinisk undersøking og røntgenologisk vurdering og vidare ta sjølvstendig ansvar for primærdiagnostikk, profylakse, behandling, medisinering og oppfølging av pasienten. Dei skal ha tilstrekkeleg kunnskap i oral patologi til å kunne forstå ei histologisk skildring og vite kva for ei behandling som er nødvendig ut frå den diagnosen som er gitt. Vidare skal dei kunne tolke svar på ei mikrobiologisk undersøking som inngår i pasientbehandlinga. Studentane skal også lære å forstå eigne faglege avgrensingar og kunne vise pasienten vidare til spesialist for å sikre ei best mogleg behandling.
Ferdigheiter
Undervisning i kliniske ferdigheiter blir gitt av fagområda Oral kirurgi og oral medisin og odontologisk røntgendiagnostikk. Sjå eigne emneskildringar for Oral kirurgi og oral medisin og odontologisk røntgendiagnostikk.
Holdningar
Studentane skal utvikle etiske holdningar slik at dei som ferdige tannlegar vil ta hand om og vise omsorg for pasientane sine slik helsemyndigheitene krev og pasientane forventar.
OD3KOS-K4: Integrert semesterprøve i form av ei skriftleg innlevering ved slutten av 8. semester. Ved ikkje bestått semesterprøve har studenten høve til ny prøve inntil 2 gonger. I tillegg må den kliniske tenesta i klinikk for oral kirurgi og oral medisin vere godkjent.
OD3KOS-H5:3 timar integrert semesterprøve ved slutten av 9. semester. Ved ikkje bestått semesterprøve har studenten høve til ny prøve inntil 2 gonger.
OD3KOS-V5:Integrert 4 timar skriftleg eksamen ved slutten av 10. semester. I tillegg må den kliniske tenesta i klinikk for oral kirurgi og oral medisin vere godkjent.