Emnet er ein grunnleggjande innføring i pedagogisk filosofi og idéhistorie, der omgrepa kunnskap, danning og medborgarskap utgjer sentrale kategoriar. Studentane sitt arbeid med dette emnet skal utvikle deira forståing for korleis ein kan diskutere pedagogisk-filosofiske spørsmål i pedagogikk. Arbeidsmåten utgjer ein vesentleg del av studiet sitt innhald.
Eit mål er å gje studentane innsikt i korleis pedagogisk filosofi og idéhistorie kan bidra til å problematisere ulike grunngjevnader for pedagogisk praksis. Eit anna mål er å gjera studentane i stand til å drøfte spørsmål knytte til pedagogiske fenomen som undervisning, læring, kunnskap, oppseding, danning og medborgarskap. Eit tredje mål er å tilby studentane eit grunnlag for å forstå forholdet mellom pedagogikkfaget sine praktiske og teoretiske dimensjonar ved at det blir lagt særleg vekt på dei kunnskapsteoretiske sidene ved pedagogisk praksis.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten...
Ferdigheiter:
Studenten...
Generell kompetanse:
Studenten...
Eksamen består av to komponentar: Eit fagleg essay og ein 4 timars skriftleg eksamen. Komponentane vektast likt.
A-F
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.