Bachelor
Norsk
Vår
Bacheloroppgåve-emnet legg vekt på at studentane skal utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte. Dei skal lære kva slags krav som vert stilt til eit større skriftleg produkt og kva som kan vere ein føremålstenleg arbeidsmåte. Gjennom innsamling og drøfting av relevant empirisk og/eller teoretisk materiale skal studentane lære å arbeide med ei problemstilling. Prosjektoppgåva kan leggje eit metodisk grunnlag for framtidig arbeid med ei masteroppgåve, og kan også tematisk danne opptakta til ei slik vidareføring innanfor det temaområdet som vert valt.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten...
Ferdigheiter:
Studenten...
Generell kompetanse:
Studenten...
Det ein føresetnad at studentane har PED111, PED112, og PED114/PED200, eller tilsvarande, samt 15 studiepoeng metode (PSYK202 eller tilsvarande) for å ta dette emnet.
Emnet er ope for alle med studierett som er tatt opp på bachelorprogram i pedagogikk.
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, grupperettleiing, individuell rettleiing og tilbakemelding på oppgåveutkast.
Ingen
Eksamen består av to komponentar: Ei bacheloroppgåve og ein munnleg prøve. bacheloroppgåva skal ha eit omfang på ca. 7 000 ord, referansar og appendiks kjem i tillegg. Det blir gitt ein foreløpig karakter på bacheloroppgåva før munnleg prøve. Munnleg har ein justerande funksjon.