Emner: POLECON250 Bacheloroppgave i politisk økonomi - Vår 2021




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

 

Mål og innhald

Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjemnnomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei problemstilling innanfor temaet politisk økonomi ved hjelp av den "verktøykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.

Emnet består av ei generell innføring i skriving av ei bacheloroppgåve i tillegg til ei sjølvvalt problemstilling/prosjektskildring som skal resultere i den ferdige oppgåva.

Bacheloroppgåva skal skrivast ut frå eit valfritt tema. Det vert rådd til at oppgåvetema og problemstilling veljast med utgangspunkt i dei tematiske emne som det til einkvar tid vert gitt undervisning i ved institutta. Studenten kan også velje å ta utgangspunkt i tema som det ikkje vert undervist i, men då i samråd med instituttet.

Læringsutbyte

Ein student med som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte, definert i ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten...

 

Ferdigheiter

Studenten...

 

Kompetanse

Studenten...

Krav til forkunnskapar

ECON110, ECON130, ECON140, ECON210, ECON230, ECON240, AORG101, AORG103/AORG107

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Berre for bachelorstudentar i politisk økonomi

Arbeids- og undervisningsformer

Felles informasjonsmøte og bachelorseminar ved semesterstart.

Gruppemøte 1 (3 timar), individuell rettleiing (30 minutt), gruppemøte 2 med presentasjon og opposisjon (4 timar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Merk at det berre vil bli gitt ein sjanse til å få godkjend kvart av dei obligatoriske krava.

Godkjend obligatorisk undervisningsaktivitet er berre gyldig inneverande semester.

Oppdatert: Pga. koronasituasjonen vil kravet om munnleg presentasjon og deltaking på 1. gruppesamling bli gjennomført digitalt vårsemesteret 2021. Kravet om deltaking på individuell rettleiing og munnleg presentasjon samt opposisjon på 2. gruppesamling vil også bli gjennomført digitalt.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for økonomi

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@econ.uib.no