Emner: PROPSY304 Kognitiv nevrovitenskap - Høst 2021




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet vil gi ei grundig innføring i samanhengen mellom høvesvis kognitive og emosjonelle prosessar og hjernens funksjon. I forlenginga av emne 3 (biologisk psykologi) får studentane auka forståing av hjernen sine strukturar, funksjonar og dei forskjellige funksjonelle nettverka i hjernen. I denne samanhengen blir aktuelle nevrovitskaplege metodar introdusert - eksempelvis elektrofysiologiske registreringar (EEG), strukturell magnetresonans-tomografi (MRI), funksjonell magnetresonans-tomografi (fMRI) og transkraniell elektrisk hjernestimulering (for eksempel transkraniell magnetisk stimulering (TMS)). Studentane blir kjende med desse målingsteknikkane gjennom førelesingar laboratorieøvingar og demonstrasjonar. Ved hjelp av klassiske eksempel og eksempel frå aktuell forsking, vil studentane lære å identifisere ulike nettverk i hjernen. Denne kunnskapen vil også relatere seg til kliniske problemstillingar, der det er naturleg.

Studentane skal gjennomføre forskingsbaserte emneoppgåver, der dei skal arbeide sjølvstendig med problemstillingar som tematisk er knytt til anten PROPSY303 eller PROPSY304. Då grunnlaget for emneoppgåver høvesvis er basert på eksperimentell metode med tilhøyrande statistikk, vil det bli gitt eit eige kurs i dette.

 

Tema 1: Kognitiv nevrovitskap (6 sp)

 

Studentane får tilbakemelding på refleksjonsnotat frå lærar.

 

Tema 2: Emneoppgåve/Artikkeloppgåve/Akademisk skriving (6 sp)

Halvparten av kullet skal skrive ei emneoppgåve i grupper på tre eller fire om eit tema som er knytt til anten biologisk psykologi eller kognitiv nevrovitskap. Rettleiar foreslår moglege tema og om emneoppgåva bør vere teoretisk, empirisk eller eit arbeid som forskingsassistent. Studentane kan kome med eigne forslag, og desse blir vurdert av emneansvarleg. Hensikta med emneoppgåva er å gi studentane moglegheit til å fordjupe seg i spesifikke tema relatert til PROPSY303 eller PROPSY304. Studentane får tilbakemelding på si ferdige emneoppgåve frå rettleiar.

Den andre halvparten av kullet skal skrive ei artikkeloppgåve i grupper på tre eller fire om eit tema som er relatert til anten biologisk psykologi eller kognitiv nevrovitskap . Studentar som skreiv artikkeloppgåve i PROPSY302, skal skrive emneoppgåve i PROPSY304, og vice versa. I artikkeloppgåva skal studentane vurdere to eller tre artiklar om eit tema som kjem frå biologisk psykologi eller kognitiv nevrovitskap opp mot kvarandre, og det leggjast inn krav om både teori og empiri i oppgåva. Hensikta med artikkeloppgåva er at studentane skal få fagleg rettleiing i å lese artiklar kritisk. Studentane får tilbakemelding frå rettleiar på oppgåva.

Det vil bli halde eit eige obligatorisk skrivekurs relatert til arbeidet med oppgåva. Det vil bli gitt opplæring i akademisk skriving, planlegging, organisering og oppbygging av artiklar.

I samband med oppgåva tilbyr biblioteket ein introduksjon til referansehandteringsverktøyet EndNote.

 

Tema 3: Metode (del 3): Eksperimentell metode og statistikk (3 sp)

Studentane vil få ei innføring i sentrale forskingsdesign/paradigme, og dei få erfaring med analysar og tolking av eksperimentelle forskingsdata. ANOVA for faktorielle design og repeterte målingar vil bli vektlagde i undervisinga. Undervisninga blir lagd tett opp til kognitiv nevrovitskap.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

 

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal kandidaten kunne:

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare emne på profesjonsstudiet må vere godkjent eller bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, seminar, laboratorium og rettleiing. Undervisinga i kognitiv nevrovitskap skjer fortrinnsvis etter undervisinga i biologisk psykologi (PROPSY303), mens metodeundervisinga og emneoppgåva går parallelt over heile semesteret.

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema 1:

 

Tema 2:

 

Tema 3:

 

Obligatoriske arbeidskrav er gjenstand for vurderinga Godkjent / Ikkje godkjent.

Vurderingsformer

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent før man kan gå opp til eksamen.

Skuleeksamen på 4 timar blir gjennomført som essayoppgåve og vurdert med bokstavkarakter.

Hjelpemiddel til eksamen

.

Karakterskala

A - F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for biologisk og medisinsk psykologi (IBMP)

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultet

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet