Emner: PROPSY310 Kultur, helse og utvikling - Høst 2021




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Vår / Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet fokuserer på korleis psykologisk kunnskap om sosialisering og individualisering kan nyttast i praksis. Kurset opnar med ei kort innføring i kulturens betydning for psykologi, både med omsyn til psykologiens filosofiske, teoretiske og metodiske grunnlag, og til praksisen og anvendelsen i forståing av samfunnsmessige problem. I tillegg vil dei positive effektane av sjølvregulering bli presenterte, med vekt på positiv ungdomsutvikling og sosiale påverknadsfaktorar. Studentane vil òg få ein gjennomgang av risiko- og beskyttelsesfaktorar knytt til utvikling av sjølvregulering, og lære om korleis kunnskap om slike faktorar kan ha implikasjonar for førebygging og intervenering. Emnet vil òg gi ei kort innføring i longitudinelle forskingsdesignar, inklusive livsløpsforsking. Emnet har fire hovudtema:

Tema 1: Samfunn og kultur Hovudmålet med dette temaet er å introdusere studentane for psykologi frå eit (kryss)kulturelt perspektiv. Studentane vil få ei innføring i kulturomgrepet, kulturens betydning for psykologisk teori og praksis, og dei vil få høyre om korleis slik kunnskap kan nyttast.  

Tema 2: Samfunn, individ og helse - sosial støtte, sjølvregulering og positiv utvikling Selvregulering blir sett i samanheng med tema frå positiv psykologi (til dømes sjølvavgjerd, positiv ungdomsutvikling og utvikling av indre motivasjon) og helsepsykologi (mestring, helsefremmende arbeid). Relevante teoriar og modellar frå krysskulturell psykologi, sosialpsykologi og motivasjonspsykologi blir nytta for å belysa korleis sosiale faktorar på ulike nivå i samfunnet kan påverkast for å støtta utvikling av god helse og positiv utvikling.

Tema 3: Risiko- og beskyttelsesfaktorar Temaet handlar om risiko- og beskyttelsesfaktorar som har betydning for utviklinga av sjølvregulering hos barn og ungdom. Temaet handlar òg om korleis desse faktorane kan ha implikasjonar for førebygging og intervenering av psykopatologiutvikling.

Tema 4: Longitudinelle forskingsdesign og livsløpsforsking Dette temaet gir ei praktisk empirisk innføring i kunnskapsgrunnlaget for longitudinelle studiar av utvikling med vekt på studiar med livsløpsdesign. Kurset tar utgangspunkt i resultat og publikasjonar frå eksisterande longitudinelle studiar både internasjonalt og nasjonalt.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne skal studenten ha:

Ferdigheiter

Ved fullført emne skal studenten kunne:

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Alle tidlegare kurs og emne i profesjonsstudiet må vere gjennomført og bestått.

Tilrådde forkunnskapar

.

Studiepoengsreduksjon

.

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, seminar med emneansvarlege og representantar frå dei ulike praksisområda, og rettleiing. 

Gruppearbeid om ei case-oppgåve som er basert på undervisning relatert til tema 1, 2, og 3, samt tilrådd og annan relevant litteratur. Gruppearbeidet skal gjennomførast i løpet av 2 veker og i grupper på maksimum 4 studentar.

Gruppearbeidet om case-oppgåva kan erstattast med bidrag i eit større forskningsprosjekt. Det omfattar bidrag til litteratursøk, datainnsamling, dataregistrering, dataanalyse og liknande forskingsoppgåver og krev ein arbeidsinnsats tilsvarande ca. 2 vekers arbeid. Prosjektarbeid må ikkje forvekslast med emneoppgåva eller med forskingsassistentarbeid.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesninger, seminarer med emneansvarlige og representanter fra de ulike praksisområdene, og veiledning.

 

Gruppearbeid om en caseoppgave basert på undervisning relatert til tema 1, 2, og 3, samt anbefalt og annen relevant litteratur. Gruppearbeidet skal gjennomføres i løpet av 2 uker og i grupper på maks. 4 studenter.

 

Gruppearbeid om caseoppgaven kan erstattes med bidrag til større forskningsprosjekt; prosjektarbeid omfatter bidrag til litteratursøk, datainnsamling, dataregistrering, dataanalyse og lignende forskningsoppgaver og krever en arbeidsinnsats tilsvarende ca. 2 ukers arbeid. Prosjektarbeid skal ikke forveksles med emneoppgaven/forskningsassistentarbeid.

 

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Tema 1-3:

Tema 4:

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjent før heimeeksamen kan bli sensurert.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er ein 48-timars skriftleg heimeeksamen som er basert på undervisningstema og tilrådd litteratur relatert til tema 1, 2 og 3. Heimeeksamen skal skrivast individuelt og blir levert ut og inn elektronisk.

Under heimeeksamen skal studenten svare på tre av seks oppgåver. Kvar oppgåve skal vere på ca. 1 000 ord og vere skriven i APA-stil. Alle tre oppgåvene må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemiddel kan nyttast.

Karakterskala

Ved sensur av heimeeksamen er karakterskalaen A - F.

Vurderingssemester

Vår / Haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil normalt vere klar i Leganto innan 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninga i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultet

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet